- Friluftsrådet
- Eit år med styrking av friluftslivet på Sunnmøre
Gjennom ein kombinasjon av eigne arrangement, støtte til lokale initiativ og eit tett samarbeid med frivilligheita og andre samarbeidspartar, har friluftsådet gjennom året styrka tilgangen til natur og utandørsaktivitetar for alle aldersgrupper og til personar med ulike bakgrunnar.
Auka deltaking i friluftslivet
Friluftslivets år blir markert kvart tiande år, og i 2025 har friluftsaktørar over heile landet hatt fokus på auka deltaking i friluftslivet.
Sunnmøre friluftsråd har gjennom året hatt fleire store aktivitetsprosjekt som har kome i tillegg til dei faste tinga som Stikk UT!, Naturmøteplassar, kajakkopplæring, og friluftsaktivitetar inn mot barnehage og skule, og for innvandrarar.
Målet med friluftslivets år var å få auka deltakinga i friluftslivet, og det er med glede vi har sett ei markant auke i deltaking på arrangementa våre.
Mange aktivitetar
Året pangstarta i januar med «Hele Norge båler». Takka vere god hjelp av frivillege og samarbeid med DNT Sunnmøre var det familiearrangement med samling rundt bål i alle kommunane på Sunnmøre og i Vestnes.
I mars og april var det ei rekke inspirasjonsforedrag om friluftsliv på hovudiblioteka i alle kommunar, også i samarbeid med DNT.
Saman med fleire friluftsaktørar i regionen har friluftsrådet også arrangert aktivitetsdagar for ca 2500 elevar ved åtte vidaregåande skular på Sunnmøre. Tilbakemeldingar frå skulane er at dette både var kjekke og nyttige aktivitetsdagar, som vi tek sikte på å vidareføre også i 2026.
I løpet av året har friluftsrådet også hatt aktivitetar som skal gi betre ferdigheiter og tryggleik i vatn, og har arbeidd med å kartlegge gapahukane på Sunnmøre. Oversikt over gapahukane vil bli synleggjort i kartdatabase som ein snart vil finne på nettstaden til friluftsrådet.
27. september vart gapahuken sin dag markert med familiearrangement i ein gapahuk i kvar av medlemskommunane til friluftsrådet.
Stort potensiale i Sunnmørsnaturen
Dette året har vist at det er eit enormt potensiale i Sunnmørsnaturen, og vår oppgåve er å sikre at så mange som råd får ta del i den. Det er kjekt og inspirarande for friluftsrådet å sjå at aktivitetane våre bidreg til bedre fysisk og psykisk helse. Vi jobbar kontinuerleg for å bygge vidare på dette, som er eit viktig, men ofte underkommunisert, samfunnsgode.
Sjølv om friluftslivet sitt år snart er tilbakelagt, og det etter regelen er 10 år til neste gong, vil Friluftsrådet halde fram arbeidet med å skape gode og tilgjengelige friluftsopplevingar i åra som kjem også, og inviterer alle til å vere med.
Økonomiske støttespelarar gjennom året, som har gjort det mogleg å gjennomføre den ekstra aktiviteten, har vore Miljødirektoratet, Gjensidigestiftinga, Bufdir, Sparebanken Møre, kommunane og Sparebank 1 SMN.