Alle aktivitetane er på dagtid frå ca. kl 0900-1600 ,med ein avsluttande dagsekspedisjon på torsdag.
Nokre av aktivitetane:
- Bading
- Kajakk
- Orientering
- Tur
- Leikar
- Utforsking i naturen
Tal deltakarar: Til saman er det 20 plassar på Friluftsskulen.
Leiarar:
Det er svært dyktige leiarar på friluftsskulane med høgskuleutdanning i friluftsliv eller Naturguidestudie.
Leiarane på denne friluftsskulen er Sara Magnadottir, Jonas Holm og Ingrid Lauritzen.
Eventuelle spørsmål om friluftsskulen kan sendast til koordinator Sara Magnadottir, på e-post friluftsskule@friluftsraadet.no , eller på mobil: 95 77 53 90
Tidspunkt: Måndag 3.juli tom torsdag 6.juli
- Måndag 0900-1600: Bli kjent leikar, vedhogging, mat på bål
- Tysdag 0900-1600: Orientering, førstehjelp, leik
- Onsdag 0900-1600: Kajakk halve dagen og anna tema resten av dagen
- Torsdag 0900-1600: Ekspedisjon i nærområdet
Dette er førebels vekeplan, med atterhald om endringar. Utfyllande informasjon med dagsplan, pakkeliste og turmål vert sendt til påmeldte deltakarar.
Deltakarpris:
I fjor var deltaking på friluftsskulane gratis takka vere ekstern støtte.
Per i dag har vi desverre ikkje denne moglegheita slik at vi må ta ei lita deltakaravgift på 500 kroner per barn.
Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande!
Påmeldingsfrist: Frist 12. juni
NB! Denne friluftsskulen er svært populær og har vore fullteikna dei siste åra. Det er difor lurt å melde seg på så raskt som råd!
Påmeldingsskjema:
Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet i to omgangar. Skal du melde på fleire barn beklagar vi at det blir litt tungvingt.
12-timar plassgaranti: Fordi du må melde på eitt og eitt barn så garanterer vi plass til to søsken eller to vener som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen. Melder du på ein og det er fullt når du melder på nummer to, garanterer vi at vi ordnar plass til nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar.