IMG_0477.JPG


Ulstein 2019 >

Friluftsskule i Ulstein i veke 27; 01.juli-05.juli

Friluftsskulen er for barn i alderen 11 til 13 år

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein avsluttande overnattingstur.

Nokre av aktivitetane:

  • Bading
  • Orientering
  • Mat på bål
  • Tur
  • Fiske med Hindholmen
  • Overnattingstur til Borgarøya
  • Leikar mm

Friluftsskulen kjem til å ha tre-fire vaksne leiarar som er saman med borna gjennom heile friluftsskulen og i alle aktivitetane.

Leiarane heiter Ingrid Haukalid (koordinator), Benedikte Pettersen og Kathrine Christensen

Eventuelle spørsmål om friluftsskulen så ta kontakt med Ingrid Haukalid mobil 95961504 eller e-post friluftsskule@friluftsraadet.no

Men friluftsskulen kan og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.

Deltaking kostar kr 500.- per barn. 

Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.  Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen.  Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.

Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar. 

Måndag 01.07- Aktivitetar ved Osnessanden

0900-1600. Bading, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar

Tysdag 02.07 - Aktivitetar ved Osnessanden/Oseberget

0900-1600. Bading, mat på bål, taubruer ulike leikar og aktivitetar

Onsdag 03.07 - Turdag

0900-1600. Turdag, informasjon om turmål og oppmøtestad vert sendt til påmeldte deltakarar, samt forberedelser til sykkeltur

Torsdag 04.07 - Fisketur med Hindholmen og overnatting på Borgarøya

0900. Oppmøte etter nærare avtale. 

Borna pakkar ein stor bag/sekk til overnattinga. Ikkje lause plastposar o.l.

Først på dagen vert det fisketur med Hindholmen som etterpå set oss av på Borgarøya.

Der blir det lavvoleir og aktivitetar

Fredag 05.07 - Aktivitetar på Borgarøya og retur med Hindholmen til ca kl 1600


Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.

  • Friluftsskulen har eit tak på 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar. 
  • Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
  • Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
  • Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar. 

12 timar plassgaranti:

Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar. 

Påmeldingsfrist så raskt som råd. Skjemaet vert straks stengt

Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.