presenningskast.jpg

Kom UT!

Kom UT! i haustferien 2018

Sunnmøre friluftsråd inviterer til aktivitetsdagar i 5 ulike medlemskommunar i haustferien. Tilbodet er gratis for barn og unge og til nokre inviterte skulefritidsordningar.

Bli med oss ut! Alle dagar frå kl 0900-1500

Aktivitetsdagen er eit opent tilbod til  barn og unge som er gamle nok til å klare seg sjølve aleine, og som i samråd med føresette kan bli med på aktivitetar i regi av friluftsrådet.

På nokre dagar vert skulefritidsordning invitert med i tillegg. Og vi gjer merksam på at på tysdag i Stranda vert det ikkje open dag for andre born, men berre eit tilbod til borna i Ringstad skule SFO. Årsaka er at vi desverre ikkje har kapasitet til å gi eit tilbod til fleire..

Aktivitetane som leiarane våre organiserar denne dagen er mellom anna:

  • Vikingleikar
  • Taubruer
  • Diverse leiker
  • Spikking
  • Stjerneorientering
  • Rebusløp
  • Grilling/mat på bål

Opplegget vert tilpassa område og talet på barn som kjem, det gjer at det kan verte andre aktivitetar enn forslaga over.

Presisering og avgrensing

  • Det er ikkje påmelding til denne aktivitetsdagen. 
  • Friluftsrådet sine leiarar er tilstades i tidsrommet 0900-1500.
  • Leiarane vil sjå til at alle born og unge som er i området har det kjekt, og får tilbod om å delta i aktivitetar og grilling.
  • Sidan det ikkje er påmelding kan friluftsrådet ikkje ha ansvar for einskilde born i forhold til om, eller når dei kjem og går. 
  • Borna må difor vere gamle nok til å klare seg sjølve og deltek på aktivitetsdagen i samråd med sine føresette.
  • Borna kan kome og gå som det passar, men det er sjølvsagt kjekkast om dei er med heile dagen og kjem ved oppstart.
 Gjer vel og ta med:
  • Godt humør og gjerne ein kompis
  • Kle til å vere ute (Varme kle/vottar/lue)
  • Termos med varm drikke
  • Grillmat og fat
  • Kopp
  • Sitteunderlag
 5 ulike aktivitetsdagar i 5 ulike kommunar:
Alle dagar er rettleiarane tilstades mellom kl 0900-1500
        
Dato Kommune Stad  Anna
Måndag 08.10
Ulstein Bugardsmyrane

3 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet.

Open for alle.


Tysdag 09.10

Stranda  Ringstad skule SFO  Denne dagen er det berre aktivitet for SFO (Ikkje open for andre) 
Onsdag 10.10 Volda  Årneset

3 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet.

Open for alle, og Bratteberg og Vikebygda SFO er også invitert.

Torsdag 11.10 Ørsta  Baksida av Ørsta ungdomsskule 

3 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet.

Open for alle, og Velle SFO er også invitert.

Fredag 12.10 Ålesund Stafsethneset

2 rettleiarar på jobb frå friluftsrådet.

Open for alle, ingen SFO er invitert

Kom UT 2018! Velkommen til kjekk aktivitetsdag med friluftsrådet!

Her finn du kart over stadar og tidspunkt: