Alle aktivitetane er på dagtid frå ca kl 0900-1600, med ein avsluttande overnattingstur.
Nokre av aktivitetane:
- Bading
- Orientering
- Mat på bål
- Tur
- Fiske med Hindholmen
- Overnattingstur til Borgarøya
- Leikar mm
Friluftsskulen kjem til å ha tre-fire vaksne leiarar som er saman med borna gjennom heile friluftsskulen og i alle aktivitetane.
Leiarane heiter Stina Johansson (koordinator), Ingrid Haukalid og Sigmund Oksavik Mestad
Eventuelle spørsmål om friluftsskulen så ta kontakt med Stina Johansson, mobil 41067803
Men friluftsskulen kan og få besøk av eksterne rettleiarar som er svært dyktige i sine aktivitetar og som vi vonar blir ein ekstra inspirasjon for borna.
Deltaking kostar kr 500.- per barn.
Du blir sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under. Vi gjer merksam på at vårt påmelding- og betalingssystemet er slik at du må melde på og betale for eit barn i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet to gangar.
Førebels vekeplan. Med atterhald om endringar.
Måndag 02.07- Aktivitetar ved Osnessanden
0900-1600. Bading, mat på bål, ulike leikar og aktivitetar
Tysdag 03.07 - Aktivitetar ved Osnessanden/Oseberget
0900-1600. Bading, mat på bål, taubruer ulike leikar og aktivitetar
Onsdag 04.07 - Turdag
0900-1600. Turdag, informasjon om turmål og oppmøtestad vert sendt til påmeldte deltakarar, samt forberedelser til sykkeltur
Torsdag 05.07 - Fisketur med Hindholmen og overnatting på Borgarøya
0900. Oppmøte etter nærare avtale.
Borna pakkar ein stor bag/sekk til overnattinga. Ikkje lause plastposar o.l.
Først på dagen vert det fisketur med Hindholmen som etterpå set oss av på Borgarøya.
Der blir det lavvoleir og aktivitetar
Fredag 06.07 - Aktivitetar på Borgarøya og retur med Hindholmen til ca kl 1600
Utfyllande informasjon vert sendt til påmeldte deltakarar.
- Friluftsskulen har eit tak på 20 deltakarar og kostar kr 500.- per deltakar.
- Du vert sendt direkte til betaling når du har fylt ut påmeldingsskjemaet under.
- Gjer vel og ha betalingskort klart når du fyller ut.
- Skal du melde på fleire barn så beklagar vi at det blir litt tungvingt, men betalingssystemet vårt er slik at du må melde på og betale for ein deltakar i gangen. Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar.
12 timar plassgaranti:
Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn i gangen så garanterer vi plass til to søsken eller to kameratar som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen dersom det skulle bli fullt mellom påmeldingane. Melder du på ein og det er fullt når du skulle melde på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar ein plass til barn nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar.
Påmeldingsfrist søndag 24.juni
Vi gjer merksam på at friluftsskulane har vore svært populære. Meld på i dag!