Arbeidsbaaten.jpg


Lyst å jobbe i friluftsrådet?

Er du flink med hendene, kjapp i hovudet og glad i å vere ute både på sjø og land? Då er du kanskje ein av dei vi søkjer etter. Friluftsrådet får nye medlemmar i 2018 og ansvar i 13 kommunar. I tillegg arbeider vi med å få etablert Skjergardsteneste. Målet er oppstart av prøvesesong i første halvdel av 2018.

Driftsmedarbeidaren vår skal ha mammapermisjon og vi treng vikar i 50% stilling til 1. november 2018.  Den som blir tilsett får varierte arbeidsdagar m.a. med ansvaret for utstyrsbasen vår og utlånet av friluftslivsutstyr til skular, barnehagar, lag og foreiningar. Til jobben høyrer også ansvaret for Naturlos: Innsamling av informasjon om arrangerte turar i medlemskommunane, som vi publiserer i to aviser og gir ut i mai og august. Informasjon på Facebook og nett høyrer også med. Driftsmedarbeidaren deltek elles i dei daglege drifts- og aktivitetsoppgåvene til friluftsrådet. Det omfattar toalettvask, grasklipping, søppelplukking, snekring, måling mm. Innimellom kan det også bli aktuelt å vere med som medhjelpar på ulike kurs og friluftslivsarrangement. Den som blir tilsett må ha bilsertifikat for hengar og kunne køyre båt med påhengsmotor.

Vi arbeider med å få starte prøvedrift av Skjergardsteneste i første halvår 2018. Til det treng vi båtførar i 100% stilling med dei nødvendige sertifikata, minimum fritidsbåtskipper. I første omgang er dette ei mellombels stilling i 1 år, men den kan bli fast dersom Skjergardsteneste blir innført permanent i Møre og Romsdal.

Den som blir tilsett må også ha bilsertifikat for hengar, vere ein allsidig handverkar og eit organiseringstalent. Vedkomande får ei sentral rolle i arbeidet med etablering av Skjergardstenesta, både administrativt og med praktisk arbeid ute i felten. Dette omfattar også organisering, mobilisering og gjennomføring av dugnadar med rydding av eigarlaust marint søppel. Friluftsrådet har ein eldre arbeidsbåt med bauglem og kran og ein liten båt med påhengsmotor til arbeidet på øyar og holmar. I tillegg har vi to arbeidsbilar. Driftsarbeid på land i tett samarbeid med driftsleiar vil vere ein del av jobben. Dette inkluderer skriving av søknader, drift, skjøtsel og  tilretteleggingstiltak i friluftslivsområda i medlemskommunane. Datakunnskap og evne til å ordlegge seg godt både skriftleg og munnleg er også nødvendig i arbeidet.

Friluftsrådet er ein liten organisasjon med få tilsette som får utretta mykje.  Arbeidet vårt med tilrettelegging for friluftsliv på ulike måtar har verknad på livskvalitet og folkehelse i medlemskommunane. Vi kan ikkje konkurrere med oljebransjen, men vi tilbyr lønn til å leve av og varierte arbeidsdager med meiningsfulle oppgåver.

Er du interessert? Send søknad med CV og attestar til may@friluftsraadet.no  innan 15. februar 2018.