Naturmoeteplassen_Aksla.JPG


Naturmøteplass på Aksla i Ålesund

Tysdag 25. april inviterer vi til nokre trivelege timar i godt selskap i friluft ved Dam 2 på Aksla i Ålesund saman med LINK, Røde Kors og ÅST. Bålkaffien er klar frå kl. 13.30.

Mange av bebuarane på LINK asylmottak i Ålesund har lange dagar med lite å halde på med. Saman med Røde Kors og ÅST vil friluftsrådet invitere dei til å bli litt kjent med norsk friluftslivskultur. Dei vil gjerne møte nordmenn og å få trene seg på å snakke norsk.

Tysdag 25. april går vi frå mottaket og opp til gapahuken ved Dam 2 på Aksla. Der skal vi fyre opp bål, koke kaffi, ha litt leikar og andre aktivitetar - og dei som vil må gjerne gå tur i området. Alle som har høve til å stikke innom for eit prat og ein kopp bålkaffi er hjarteleg velkomne. Kanskje møter du ein ny bestevenn for første gong...?