Vardefjellet

Opplevelse - hvorfor gå denne turen?

Vardefjellet ligg nærast på eit nes fram mot Norddalsfjorden, 893 moh. Det er ein forholdsvis lett topptur som gir flott utsikt til store delar av Norddal kommune og delar av Stranda kommune, og også til mange av dei høgste toppane i området. Ein av dei høgaste fjelltoppane i Norddal, Torvløysa (1850 moh.), ligg i sør. Pyttegga (1999 moh.) i Tafjordfjella er den høgaste. Vestover ser vi mot Stranda, og vi skimtar også det kjende turmålet Slogen (1564 moh.), som ligg i Ørsta. Mot nord er det utsikt til Blåtinden (1338 moh.), grensefjell mellom Norddal, Stordal og Stranda kommunar. Rett nedanfor Vardefjellet mot nord ligg Hogsetdalen (750 moh), den andre sætra for Linge og Lingås. Her er det no oppattbygd fleire sel/hytter som tidlegare stod til nedfall. Det er delvis merka rås frå Vardefjellet og ned til Hogsetdalen.

Vardefjellet har fått namnet sitt fordi dette i vikingtida var ein vete eller varde der dei tende bål for å varsle om ufred og åtak frå fiendar. I heile landet var det eit system med vetefjell der det var fri sikt frå det eine vetefjellet til det neste. Det var difor viktig at slike vetefjell hadde god utsikt både til nærliggjande vetefjell og til bygdene i området, slik at folk vart varsla.

Turruta - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski?

Turen startar frå Klovset (549 moh), sæter for Linge og Lingås. Her er det god parkeringsplass og informasjonstavle med flyfoto der det er teikna inn ulike turruter i området. Følg traktorveg første 100 meter frå parkeringsplassen, så skilting på rås til høgre. Det går bratt oppover i starten. Eit stykke oppi lia deler råsa seg mot Vardefjellet og Hogsetdalen. Råsa går vidare oppover og vestover i ope og lett fjellterreng med godt utsyn over fjord og fjell. Eit lite stykke før toppen passerer ein det idylliske Vardevatnet 850 moh. Her er det muleg å bade. Det ligg også ei privat hytte ved vatnet, Vardebu.

Turen er merka med raude v-ar (v for verdsarv), stolpar med raud topp i terrenget, og skilt der råsa deler seg. Rekne om lag ein time opp med jamn gange.

Parkering start

Bompengar kr 50 Lingås - Klovset

Startsted

Ved Muri i Valldal (like før sentrum i Valldal når du kjem frå vest/Ålesund) er det skilta mot Lingås. Følg vegen oppover heilt til siste garden i Lingås, om lag 200 moh. Køyr forbi løa og parker bilen på merka p-plass, eller køyr vidare til Klovset på bomveg (2,4 km). NB! Siste del av bomvegen er bratt, men grei å køyre.

Løype på kart

Les mer om turen »

Om turen

Gradering: Blå
Kommune: Norddal
Kan turen gjennomføres med
rullestol: Nei
Kan turen gjennomføres med barnevogn: Nei
Lengde en vei (km): 2,2 km
Antall besøk totalt: 578
Flest besøk 2017
Navn Antall registreringer
Kristi Linge Stakkestad 25
Silje Sandøy Grønning 20
Margareth Lossius Bjerke 19
Sjur Olav Stakkestad 10
Nina Grøndahl 10
Solveig Linge Stakkestad 9
Magne Eivind Glomnes 9
Janne Nerli 7
Anne Lene Hjelle 6
Berit Engeseth 5
Besøkslogg
Navn Dag
Kristi Linge Stakkestad 25.10.17
Kjell Martin Rønning 22.10.17
Siv Lindis Godø 22.10.17
Sjur Olav Stakkestad 22.10.17
Gry Hildre 21.10.17
Kristi Linge Stakkestad 19.10.17
Aad Baas 13.10.17
Laurits Linge Glomnes 12.10.17
Kristi Linge Stakkestad 12.10.17
Eskil Linge Glomnes 12.10.17