Tretindanibba

Opplevelse - hvorfor gå denne turen?

OBS! Opnar ca. 1. juli.


Ein av dei flottaste toppturane sentralt i verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland.
Variert naturlandskap undervegs, der ein m.a. passerer eit svært godt fiskevatn, Oaldsvatnet (fiskekort kan kjøpast i boks på rasteplassen ved Eidsvatnet).
Ruta følgjer delar av den gamla postruta til Oaldsbygda. Her vart det òg ført over storfe i "gamle dagar".
Fleire bogesteller (sòter) på Oaldsegga.Makelaust fjord- og fjellutsyn frå toppen av Tretindanibba

Turruta - hvor skal du gå/sykle/padle/gå på ski?

Ver merksam på at det kan ligge snø på denne turen til langt ut i juni. Turruta startar på rasteplassen ved Eidsvatnet i Eidsdal. Her er det sett opp ei informasjonstavle med oversyn over aktuelle turruter i området og flyfoto med innteikna ruter. Ruta er merka med raude v-ar (v for verdsarv) i terrenget og trepiler ved sentrale råsdele.
Frå rasteplassen følgjer ein traktorveg sørover langs vatnet, mot nokre hytter. Ved hyttene svingar vegen oppover, og ein kryssar ei grov (steinklopp over) ved en øvste av hyttene. Herifrå går det god rås relativt bratt opp til Eidsheia. Startpunkt 425 m.o.h. Når ein kjem opp til turposten på Eidsheia (900m.o.h.), er verste stigninga unnagjort. Råsa følgjer no den gamle telefonlina vidare opp til Oaldsvatnet. Fyrste stykke er det relativt god rås, men i stigninga opp til Oaldsvatnet vert råsa litt meir utydeleg. Her er det dels steinur, men varda opp til vatnet. Ruta svingar seg rundt nordsenden av vatnet, og følgjer relativt nært vasskanten fyrste stykket sørover langs vatnet. Så svingar ruta sørvestover i eit terrengsøkk i same retning og går bratt opp mot Oaldsegga 1400 m.o.h. Oppe på egga svingar ein nordvestover og følgjer fjellryggen mot toppen. Ein går over nokre "luretoppar" før ein kjem opp til det høgste punktet 1528 m.o.h. Stipulert turtid 3-4 timar, men med god fart er ein oppe på omlag 2 timar.

GODT fjellvande folk kan kanskje leggje returen nedatt via egga mot aust. Her er nokre luftige parti, men eigentleg lett klyving. Dette er ikkje ei rute vi tilrår for "folk flest"!

Merk også moglegheita for å halde fram frå Oaldsegga ned til Oaldsbygda.

Parkering start

Parkering på rasteplassen på Eide, ved Eidsvatnet. Inga avgift.

Startsted

Start frå rasteplassen ved Eidsvatnet i Eidsdal. Rasteplassen ligg ca. 10 km frå Eidsdal sentrum i retning mot Geiranger. Rasteplassen ligg i nordenden av vatnet. I sommarsesongen er det ope toalett på plassen.

Løype på kart

Les mer om turen »

Om turen

Gradering: Rød
Kommune: Norddal
Kan turen gjennomføres med
rullestol: Nei
Kan turen gjennomføres med barnevogn: Nei
Lengde en vei (km): 7 km
Meter over havet: 1528
Antall besøk totalt: 118
Flest besøk 2017
Navn Antall registreringer
Jostein Dalen 1
Liv Walderhaug 1
Marita Dybvik 1
Inger Rusten 1
Edel Anne Baardseth 1
Liv Ingun Kornberg 1
Reidun Langva 1
Anne Mette Viggehagen 1
Kjetil Søvik 1
Jorunn Johnsen 1
Besøkslogg
Navn Dag
Ingebjørg Vestre 22.10.17
Randi Holmen Vestre 22.10.17
Randi Leite 01.10.17
Bent Leite 01.10.17
Synnøve Hole 26.09.17
Liv Walderhaug 24.09.17
janne korshamn 24.09.17
Rita Robertsen 24.09.17
Maren Frøysa Os 23.09.17
Ragnhild Frøysa 23.09.17