2015-10-05_12.20.15.jpg

Stikk UT! 2016

Søndag 1. mai startar årets Stikk UT! sesong. I år tilbyr Sunnmøre friluftsråd og samarbeidspartnarane 119 turmål fordelt på dei ni medlemskommunane Ålesund, Sula, Giske, Haram, Skodje, Ørskog, Vestnes, Stordal og Norddal. Dette er 37 fleire turar enn i debutsesongen i fjor, og 45 av turane er nye.

Dei 119 turane representerer eit stort mangfald.

Her er alt frå flate korte turar på asfalterte vegar, til toppturar som ikkje er tilgjengelege før snøen smeltar. Her er turar i fjell og fjøre, på kysten og i innlandet, i skog og over myrer. Nokre går i tettbygde område, andre langt til fjells. Målet er at dei aller fleste skal finne Stikk UT!-turar dei klarer. Og nokre å strekkje seg etter.

Stikk UT! er ein elektronisk turkassetrim folk i alle aldrar og med ulik fysisk kapasitet kan vere med på. På turmåla finn du som turgåar ein kode du enten skriv inn direkte i appen "Morotur" på mobilen eller på nettsida til friluftsrådet når du kjem heim. På nettsidene under "Stikk UT"-menyen oppe til høgre kan du følgje med på eigne og andre sine turar og turmål. Der finn du også detaljert informasjon om kvar enkelt tur og kan vurdere på førehand om dette er ein tur som passar.

Kor krevjande ein tur er kjem an på korleis du som går den opplever det. Derfor gir alle turar 1 poeng, uansett vanskegrad. Turane er graderte i grøne, blå, raude og ein svart. Dei grøne turane er dei enklaste, den svarte er for erfarne fjellfolk med godt turutstyr og kunnskapar om kart og kompass. 

Kartbrosjyren for årets Stikk UT!-sesong går i trykken i desse dagar og blir distribuert ut til alle husstandane i medlemskommunane i siste veka i april. I tida fram til 1. mai vil frivillige i kommunane jobbe med å få på plass skilt og kodar til sesongstart. Men nokre turar blir altså ikkje klare før ut på sommaren når snøen har smelta og det er råd å ta seg fram dit. 

Stikk UT!-2016 har likevel rikeleg å velje i, det er berre å starte oppladinga!

Stikkut_kart_2016.jpg

Kart over turane 2016! Klikk på lenka til venstre for å opne/laste ned stort bilde i A4 format

Kart over Stikk UT!-2016

Nihusen__25_.jpg

Stikk UT! -tur med utsyn over 9 prestegjeld! Ta turen i år!

Lista over turane i Stikk UT!-sesongen 2016!

Giske
1.Seglmerket (Brimneset)
2.Godøya - Storhornet (497 moh) frå Godøy skule
3.Molnesfjellet
4.Rantane frå Dyb
5.Roald småbåthamn - Vigra flyplass t/r
6.Utom fjellet - Skjonghellaren
7.Valderøya - Signalen (231 moh.) frå Kolvikparken

Haram
8.Fjørtoftneset
9.Gamlemsveten
10.Gjersetdalen med start frå Gjerset
11.Hellandshornet
12.Hesten
13.Hytta ved Goaldet på Lepsøya
14.Håvikhornet
15.Kulturstien rundt Lepsøya
16.Midtremma/Rognemyrane på Longva
17.Ramnfloget
18.Remmevegen tur- og rideveg
19.Skulen
20.Slyngstad -Fannevatnet
21.Synnalandsvatnet rundt
22.Ulla Fyr

Norddal
23.Bedringens veg
24.Brekkevatnet
25.Flyene
26.Gamlevegen frå Alstad til Grønning
27.Heggurdalen
28.Kallskaret
29.Kilstisetra
30.Kroken - gamlevegen Norddal
31.Laupen
32.Litleåsskagen og Storåsnakken
33.Muldal
34.Rongane
35.Ruggå
36.Steindalsstølen
37.Tretindanibba
38.Vardefjellet

Skodje
39.Apalviksætra
40.Lysløypa
41.Nihusen
42.Rundtur: Glomset-Nerstølen-Fjordamannsvegen-Glomset
43.Rødlandstua (355 moh) frå Reiakvam
44.Salbunakken
45.Setrevegar på Fylling/Skodje
46.Skodjebruene - rundtur
47.Stigen i Engesetdalen
48.Storrota
49.Støråkfjellet

Stordal
50.Dyrdalstinden
51.Elvaforbygninga
52.Grigås natursti
53.Jasvollbotn (Botnastølen)
54.Kokarsteinen
55.Løsetnakken
56.Mebusætra
57.Mosætra
58.Sandfjellet -Heimsteskorkja
59.Storheimshornet
60.Storvasshytta
61.Svartevatnet
62.Varden
63.Vikahornet
64.Øyna rundt

Sula
65.Blåfjell
66.Eltrane - på fjellet
67.Kalvestad
68.Leirvågfjellet
69.Mausavatnet rundt
70.Nøringset
71.Svanshornet
72.Taustu-løypa
73.Uteskuleplassen i Veddemarka
74.Vardane
75.Vassetvannet
76.Vonhytta

Vestnes
77.Forshuken ved Forsevatnet
78.Helsetnakken frå Skjegstad
79.Kråkvika friluftsområde
80.Melen (Fiksdalshornet)
81.Middagsfjellet (Sandfjellet) frå Tomrereset
82.Neremstinden frå Sørsylte (976 m)
83.Rekdalshesten
84.Skorgenessetra
85.Trollrunda
86.Vike friluftsbad
87.Vikenakken
88.Åsnakken
89.Ørskogfjellet - Måslia -Jutevatnet

Ålesund
90.Rundskue på Aksla
91.Berntfjellet/Olsfjellet
92.Borgundgavlen
93.Gapahuken ved Dam 2 på Aksla
94.Geitnausa frå Turheisa
95.Holsfjellet
96.Høgenakken (130 moh)
97.Høgkubben (450 moh.) - Skarpetegane
98.Kubbane
99.Lillevatnet
100.Myklebusthornet (329 moh) og Sperrenakken (320 moh) frå Nes
101.Sukkertoppen
102.Tueneset med Berngardskogen og Tuehuken
103.Vikenakken
104.Østremsetra

Ørskog
105.Aksleskaret
106.Blåfjellet
107.Dynjafossen
108.Elvastien
109.Giskemonibba
110.Hallvardsfjellet frå sørsida
111.Haugsetra
112.Hestvika
113.Høgsetra
114.Høgsvora
115.Jarskar, rundtur Skarbø-Vestre
116.Lauparen (1434 moh.) fra Grytalisætra
117.Liafjellet
118.Liasetra
119.Svartløkfjellet