Friluftsskolen_HOVEDLOGO_2linjer.jpg


Friluftsskular 2018

Friluftsrådet arrangerer fire friluftsskular i sommarferien 2018! Det vert friluftsskular i Ulstein, Skodje, Stranda og i Ålesund (Stafsethneset)

Sunnmøre Friluftsskule er eit utval  kjekke friluftslivsaktivitetar for born i alderen 11-13 år

I Ålesund og Stranda gjentek vi suksessen frå i fjor.

Medan vi prøver ut friluftsskulen i to nye kommunar i år; Ulstein og Skodje.

Aktivitetane i friluftsskulen skjer på dagtid - i regelen i tidsrommet 0900-1600.

Friluftsskulen på Stranda har langtur til Patchellhytta frå onsdag til fredag. Medan dei tre andre friluftsskulane avsluttar med ein overnattingstur frå torsdag til fredag.

Friluftsrådet har og oppretta ei eiga Facebookside for arrangement i Friluftsskulen.

Lik oss der og få påminning om aktivitetar og arrangement! www.facebook.com/friluftsskule

IMG_0477.JPG

Haram friluftsskule 2016

Historikk

Vinteren 2018 - Friluftsskule i Ørsta kommune i samarbeid med Ålesund-Sunnmøre Turistforening og Ålesund Skiklub. Ein dag med skitur og skileik og avsluttande overnattingstur på Standalshytta

Sommaren 2017 vart det arrangert tre friluftsskular:

Vi gjentok suksessen med friluftsskulane i Haram og Ålesund (Stafsethneset) i tillegg til at vi prøvde ut ein friluftsskule på Stranda. Alle friluftsskulane var fullteikna

Sommaren 2016 vart det arrangert to friluftsskular parallelt:

Haram friluftsskule vart arrangert  for andre gang 20.-24.juni  2016 med base på Gurinesbukta i Vatne i Haram kommune.  Over 20 påmeldt og friluftsskulen var fullteikna.

Ålesund (Stafsethneset) friluftsskule vart arrangert  for første gang 20.-24.juni 2016 med base på Stafsethneset ved Vegsundet i Ålesund.  Over 20 påmeldt og friluftsskulen var fullteikna.

Sommaren 2015 vart Friluftsskulen arrangert for første gang i Haram kommune i samarbeid med Frivilligsentralen i Haram. Over 20 påmeldt og friluftsskulen var fullteikna.

Sommaren 2014 gjennomførte friluftsrådet eit pilotprosjekt med friluftsskule som ulike dagtilbod i fleire medlemskommunar. Dette var ein kjempesuksess, der over 120 barn fekk prøve vikingleikar, kajakk, orientering, fiske mm.

NRK Møre og Romsdal laga denne TV-reportasjen då dei besøkte Friluftsskulen 2014 ein dag Vikingleikar stod på programmet: 

http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/DKMR99062614/26-06-2014#t=10m41s