Om oss

Sunnmøre friluftsråd er det komplette friluftsråd!

I friluftslivets teneste siden 1974

Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt foretak, etter kommunelova.

Dei 13 medlemskommunane i friluftsrådet er:  Giske, Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Ulstein, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. 

Klikk gjerne på kommunelogoane øvst på sida for å kome til heimesidene til kommunen.

Friluftsrådet vart stifta i 1974.

I tilknytning til 40 års jubileet i 2014, delte friluftsrådet ut ein utstyrsbase til kvar medlemskommune, beståande av bl.a.;  lavvo, bålpanne, popcorngryte, taubruer mm.

Du kan lese meir om lån av utstyr her.

Friluftsrådet har fleire ansvarsoppgåver for medlemskommunane:

  • Drift og vedlikehald av friluftsområde
  • Råd og rettleiing i friluftslivssaker
  • Utlån av utstyr
  • Aktivitet og opplæring

I 2015 skifta friluftsrådet namn frå Friluftsrådet for Ålesund og omland til Sunnmøre friluftsråd.

Friluftsrådet har sidan hausten 2011 hatt kontor, lager og verkstad på Kongshaugstranda 105 i Vegsundet, i Sula kommune. På Kongshaugstranda leiger vi kontor med diverse fellesareal, samt ca 300 kvadratmeter lager- og verkstadlokale.