utstyrsbaser.JPG

Kart  og informasjon over utstyrsbasar på Sunnmøre

Utlån utstyr

Utstyrsbasen til friluftsrådet er førebels stengt for utlån som smitteførebygging av koronaviruset.

Lån av friluftssutstyr på Sunnmøre

Det er fleire stader på Sunnmøre at ein får låne friluftsutstyr.

Friluftsrådet har difor samla informasjon om alle desse stadane ein kan låne friluftsutstyr på Sunnmøre og lagt det inn i ein tabell og i eit kart.


Kajakk

Sunnmøre friluftsråd har sidan 2004 arbeida for bruk av kajakk i skulen og introduksjon av kajakk til barn og ungdom.

I 2011 utvikla vi eit undervisningsopplegg for 6./7.trinnet i samarbeid med Torgeir Olsen og Hessa skole.
I 2014 fikk vi midlar frå Gjensidigestiftelsen til å fornye kajakkane i utstyrsbasen og kjøpe eit par nye kajakkhengarar med kasse.
I 2017 investerte vi i enda fleire og betre kajakkar og enda ein hengar med kasse.
I 2019 etablerte vi eit nettverk for "kajakk i skulen" i samarbeid med Dag Roland. 
Målet med nettverket er mellom anna å utdanne lærarane til aktivitetsleiarar i padleforbundet. Her kan du lese meir om kajakk i skulen
Både i 2019 og i 2020 har friluftsrådet arrangert våttkort kurs for ungdom i samarbeid med Herøy kajakklubb

Vi ynskjer at kajakkane våre skal bli brukt mykje for barn og unge, og på ein best mogleg måte.
For lån av kajakkane legg vi no til grunn våttkortstigen til padleforbundet. 

Er du leiar i frivillig organisasjon for barn og unge og manglar våttkortkompetanse så ta gjerne kontakt for eventuell opplæring og kurs 

Aktivitetar og opplæring til barn og unge er prioriterte målgrupper for utlån av utstyret.

 Mykje av utstyret ligg på lageret vårt på Kongshaugstranda 105 i Sula kommune. Men Friluftsrådet har og litt utstyr til utlån liggande i kvar medlemskommune.

Utstyr sentralt hos Friluftsrådet:

Heile året                      popcorngryter, steikeheller, store gryter, bålkaffikjel, skjerefjøler, stormkjøkken mm
Kompass og orienteringspostar
Sommar  Kajakk
Discgolf
Taubruer
Vinter  Truger
Snøpader
 Snøformingssett

For bestilling av utstyr som ligg hos Friluftsrådet må du klikke på skjema til det utstyret du ynskjer å låne!

Utstyr i din kommune:

NB! Dette utstyret er innkjøpt og delt ut til medlemskommunane i 2014 i tilknyting til friluftsrådet sitt 40.års jubileum.

Nye medlemskommunar som har kome til etter 2014 har desverre ikkje fått dette ustyret.

Kommunar (med kommunenamn før kommunesamanslåing) som har fått utstyr:

Giske, Haram, Norddal, Stordal, Skodje, Sula, Vestnes, Ørskog og Ålesund

 GPS'ar er i regelen til utlån anten via biblioteket eller servicetorget til kommunen.

Dette utstyret vert lånt ut via Frivilligsenteret i kommunen, med unntak av Fjord kommune. Der vert utstyret lånt ut frå servicekontoret på rådhuset i Valldal

Mengd Kva
2 stk Garmin Oregon GPS m/kart
1 stk 8-manns Ovnslavvo
1 stk Bålpanne og steikepanne, gryte
1 stk Popcorngryte
10 stk Grillspyd
1 stk Øks og sag
1 stk Vikingspelet kubb
2 stk Taubruer
Leia_Linge_2.jpg

Færingane Leia og Linge som er til utleige også til privat personar

Færingane Leia og Linge

Friluftsrådet har også to færingar som er til utleige også til privatpersonar.

Båtan ligg ved Sunnmøre museum, som og administerer utleiga.

Gjer vel og kontakt museet for å avtale lån