Stikk UT! sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober kvart år.
Stikk UT! turane representerer eit stort mangfald i medlemskommunane. Her er alt frå flate korte turar på asfalterte vegar, til toppturar som ikkje er tilgjengelege før snøen smeltar. Her er turar i fjell og fjøre, på kysten og i innlandet, i skog og over myrer. Nokre går i tettbygde område, andre langt til fjells.
Målet er at dei aller fleste skal finne Stikk UT!-turar dei klarer. Og nokre å strekkje seg etter.
Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er motivasjonen til å kome seg ut og det å oppdage så mange flotte turmål du ikkje visste om frå før!