Skjærgårdstjenesten har arbeidd med tilrettelegging, drift og skjøtsel av offentleg eigde sjøbaserte friluftslivsområde sidan starten i Oslofjorden i 1992. I åra etter vart tenesta gradvis utvida til å omfatte heile kysten frå Svenskegrensa til og med Hordaland. Det stoppa der fordi der er for få statleg sikra sjøbaserte friluftslivsområde vidare nordover langs kysten. Staten v/Miljødirektoratet betaler ca. 50 % av utgiftene til drift av tenesta, medan fylke og kommunar deler på den andre halvparten. Nokre stader i landet blir tenesta drifta av kommunar, og andre stader av friluftsråd.

Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal
Med tenestebåten «Rigmor» skal Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal arbeide med å gjere sjøbaserte friluftslivsområde attraktive og tilgjengelege for befolkninga. Og hjelpe frivillige i kampen mot marin forsøpling.

"Rigmor" i arbeid.
Behovet for Skjergardstenesta
Sunnmøre friluftsråd har lenge argumentert for behovet for Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal, ikkje minst på grunn av det store problemet med marin forsøpling av kysten her. Etter at dåverande stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide fekk gjennomslag for midlar til ei utviding av tenesta til Møre og Romsdal i statsbudsjettet for 2017, vart det fart i sakene. Eit samrøystes fylkesting vedtok å forplikte seg til å bidra til finansieringa, og i juli 2018 var ein brukt tenestebåt på plass. Båten har fått namnet «Rigmor» etter gudmor og fødselshjelpar Rigmor Andersen Eide.

Otto Okstad frå Miljødirektoratet og gudmor Rigmor Andersen Eide.
Spleiselag
Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal er eit spleiselag mellom Staten v/Miljødirektoratet, fylkeskommunen og medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket. Kommunane sin del av spleiselaget blir dekt gjennom kontingenten dei betaler til friluftsråda: Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Sunnmøre friluftsråd står for den daglege drifta av tenesta, medan Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har leiaren i Driftsstyret. Torgeir Sund er tilsett som skipper og leiar for tenesta.
I samarbeid med friluftsråda og kommunane arbeider Skjærgårdstjenesten med å legge ut flytebrygger, lage stiar og bålplassar, sette opp toalett og gapahukar, slå gras, rydde og stelle offentlege sjøbaserte friluftslivsområde i medlemskommunane. I tillegg er tenesta ein viktig samarbeidspartnar for Statens Naturoppsyn, og aktiv medhjelpar i arbeidet med marin forsøpling, mellom anna ved å hente innsamla avfall.
Ta kontakt med Torgeir Sund, mobil 900 46 092, e-post torgeir@friluftsraadet.no
