Taubrusett
Taubrusettet til friluftsrådet komplett levert i ein praktisk sekk, inkludert instruksjonsmanual. Kvar sekk inneheld utstyret til 1 taubru. Settet består av 4 stk. 120 cm slynger, 2 stk. 10 m lange taubrutau, 2 stk. klemknuteslynger og 6 stk. ovale skrukarabinar av stål.
Taubrusett for å lage taubru mellom to tre.
Ei taubru er eit tau til å stå på og eit til å halde seg i mellom to tre. Ved å sette saman fleire taubruer blir det ein spennande taujungelen å leike i.
Det er lærerikt og kjekt for barna å spenne opp taubruene sjølve. Dei fungerer like bra for små barn i barnehage som for ungdommar i ungdomsskulen.
Metoden er gode knutar, taljesystem og friksjon - men er likevel så enkel at barn frå 10-12 års alderen sjølve klarer å sette opp taubruene med litt rettleiing. I settet følgjer det med eit grundig instruksjonshefte. Heftet kan du også laste ned gratis under fana "nedlasting" på heimesida til friluftsrådet.
Taubruene skal barn/ungdommar berre bruke under tilsyn av vaksne, og dei skal takast ned etter bruk same dag som dei blir sett opp.
2500,-
|