2015-05-15_15.50.56.jpg

Piggsolstjerne. Foto: Christer Lundberg Nes

2023 Fagdag i Atlanterhavsparken >

Måndag 12.juni blir det fagdag i Atlanterhavsparken. Det er låg vasstand denne dagen og mykje å finne og lære!
Tilbodet er berre for lærarar i kajakk i skulen prosjektet

Livet i fjøra

Bli med på ein lærerik fagdag om livet i fjøra!
Vi har gjort avtale med Jeanette Giske Hjelle i Atlanterhavsparken om at vi skal få fagleg påfyll om livet i fjøra!

Måndag 12.juni er valt ut etter nøye finlesing av flo og fjøretabellen!
Det er fjøre sjø med 37 cm fjøre kl 1320. 
Med så låg vasstand er det ofte ekstra mykje spennande å finne!

Førebels dagsplan:

1050 Oppmøte
1100-1200 Sjømat på bål (Oppskrifter frå Fiskesprell.no)
1200-1400 Utforsking og fakta om livet i fjøra ved Atlanterhavsparken
1400-1500 Våtlabben (inne) - utforsking og fakta
1500 slutt og frivillig om ein vil sjå på mating av dyra ute

Vegleiarar:  Jeanette Giske Hjelle m.fl frå Atlanterhavsparken.  + Christer og Dag
Dato: Måndag 12.juni
Tidspunkt: 1100-1500
KursstadAtlanterhavsparken

Ta med:
  • Fat og bestikk
  • Kald drikke
  • Kle til å vere ute (og inne)
  • Gjerne vadarar om du har
  • evt ekskursjonsmateriell frå eigen skule
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte!

Påmeldingsfrist: Så raskt som råd! Det er berre nokre få kursplassar igjen!

Tilbodet om fagdagen er berre for lærarar i skular som er innmeldt i kajakk i skulen prosjektet!

Nettverksskule
Nettverksskule:* 





















Kort registrering
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Ekskursjonsmateriell
Materiell:* 
Har skulen din ekskursjonsmateriell til utforsking av livet i fjøra? Bestemmelsesdukar, kasterive, luper, håver, planktonhåv, vannkikkert, isbokser/plastbakk/akvarium osv? Skriv ned her kva de har og du kan ta med!
Tegn igjen
Bakgrunn:* 
Skriv kort/stikkord om kva klassetrinn og fag du underviser i.
Tegn igjen
Anna? 
Fritekstfelt
Tegn igjen
Løyve til bruk av bilde og samtykke
Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.