Korleis
Gjennom kurs, vegleiing og barnet sitt eige initiativ, bidreg Leikepatruljen til allsidig leik i friminutta og utetimane. Vi arbeider ut i frå prinsippet: Jo fleire leikar elevane kan, jo meir kan dei leike på eiga hand.
Skulen: Å vere med i Leikepatruljen er eit val skulen tek på overordna nivå. For at Leikepatruljen skal fungere, er det avgjerande at skulen set av tid og ressursar til arbeidet. Uteleik er eit unikt verktøy som skulen kan ha nytte av gjennom heile skulekvardagen, og fagfornyinga legg tydeleg vekt på det. Men det vil ikkje fungere optimalt om ikkje skulen, både leiinga og tilsette, gjer bevisste val og tiltak.
Patruljeførarar (elevar): Å inspirere til leik, er ei viktig oppgåve. Å utfordre elever til å by på seg sjølv og å få dei andre med på leiken, kan vere avgjerande for eit godt skulemiljø. I Leikepatruljen kan dei eldste søkje om å bli patruljeførarar. Dei tek ansvar for å sette i gang sjølvvalt leik i friminutta, og få andre med på leiken. Å vere patruljeførar betyr at du får vere ein del av eit fellesskap, vere med på kurs og lære nye leikar, samt trening i å gjennomføre planen din. Dette er ei utfordring som får mange elevar til å blomstre.
Koordinator: Kvar skule handplukkar ein engasjert koordinator som brenn for å dele gleda i uteleik. Koordinatoren får ansvaret for Leikepatruljen på sin skule. Oppgåva er å vere ein inspirator og vegleiar for patruljeførarane, sjå til at leikane fungerer i friminutta og bidra til å skape eit trygt og leikande miljø i skulegarden. Koordinatoren er skulen sitt bindeledd til kommunekontakta.
Kvifor
Fordi barn opplever stor glede og meistring i å leike i lag med andre ute og uteleik har ein unik eigenverdi som vi er svært opptekne av å ta vare på. Leikepatruljen skal bidra med å skape større mangfald av enkel leik i skulegarden og bidra til at alle har moglegheit til å vere med. Gjennom leik ute får barn vere fri, vere i rørsle, vere i lag med andre, lære leikar, få utfalde seg kreativt og får øving i initiativ og samspel. Slikt blir det glade barn og godt skulemiljø av. Forsking viser at barn er dobbelt så aktive når dei leikar på eiga hand. Vår oppgåve som vaksne er å vere aktive observatørar, lære bort leikar når det trengst påfyll, legge til rette for meir rørsle og vegleie om det er naudsynt.
Leikepatruljen kan og medverke til at dei eldre elevane tek leiken til seg igjen, og at dei yngste ikkje slepp leiken i tidleg alder, slik det skjer på mange skular i dag. Vi veit også at det å vere ute bidreg til at barna kjenner større friheit. Der er færre fysiske avgrensingar og naturlege utfordringar som stimulerer til kreative løysingar og nye kroppslege røynsle.
Med leiken inn i framtida
Det er lett å tru at uteleik er noko gamaldags og utgått på dato. Så feil kan vi ta. Når vi snakkar om ferdigheitene som vi treng i framtida så er det ikkje tvil om at uteleik er eit unikt verktøy for å oppøve desse. Den stimulerer kreativiteteten vår og evna vår til å finne spontane løysingar. Konsentrasjonsevna vår blir satt på prøve, vi samhandlar med leikarar i ulik alder og dessutan bidreg robust, grovmotorisk uteleik til at hovud og kropp jobbar på lag. Og sist, men ikkje minst: å lære uteleikar er å vere en del av ein tradisjon. Som leikarar er vi kulturbærarar. Det er framtidsretta, det.
Nye skular
For at skulen skal bli ein del av Leikepatruljen, må alle tilsette på skulen gjennomføre kurset «Prøvekaninane - ein verkstad om kva leik og rørsle ute gjer med oss». Dette er for å forankre Leikepatruljen i skulen, skape større forståing og fagleg påfyll til alle tilsette. Kurshaldarar frå Sunnmøre friluftsråd kjem og held introduksjonskurset. Kurset varer i 2,5 timar og kan gjennomførast i utviklingstida til skulen. Les meir om kurset her.
Bli med
For at dykkar skule skal bli med i Leikepatruljen, ta kontakt med prosjektleiar i Sunnmøre friluftsråd Inger Bakke på inger@friluftsraadet.no. Tilbodet er støtta av Sparebanken Møre og er gratis for skulane.
![]() | Leikehefte_fraa_Leikepatruljen_2020.pdf |