presenningskast.jpg

Friluftsskular historikk 2014-2021

Her er ei kort oversikt kvar og når friluftsrådet har arrangert friluftsskular tidlegare år. Dei  siste åra har vi hatt fire friluftsskular i slutten av juni/starten av juli:

Sommaren 2021: Veke 26: Stafsethneset (Ålesund) og  Vassetvatnet (Sula), veke 27: Murvika (Skodje/Ålesund) og Skinstøylen v/golfbana (Volda)

Sommaren 2020: Veke 26: Stafsethneset (Ålesund) og  Vassetvatnet (Sula), veke 27: Murvika (Skodje/Ålesund) og Skinstøylen v/golfbana (Volda). Pga smitteførebygging i forhold til koronasituasjonen var friluftsskulane gjennomført i mindre grupper og ein leiar ekstra per friluftsskule. Det vart ingen overnattingstur og mindre felles matlaging.

Sommaren 2019: Veke 26: Stafsethneset (Ålesund) og Skodje, veke 27: Stranda og Ulstein

Sommaren 2018: Veke 26: Stafsethneset (Ålesund) og Skodje, veke 27: Stranda og Ulstein

Vinteren 2018: Friluftsskule i Ørsta kommune i samarbeid med Ålesund-Sunnmøre Turistforening og Ålesund Skiklub. Ein dag med skitur og skileik og avsluttande overnattingstur på Standalshytta.

Sommaren 2017: Friluftsrådet arrangert tre friluftsskular: Haram og Ålesund (Stafsethneset) som i 2016, i tillegg til at vi prøvde ut ein friluftsskule på Stranda. 

Sommaren 2016: Friluftsrådet arrangerte to friluftsskular parallelt: Haram friluftsskule vart arrangert  for andre gang med base på Gurinesbukta i Vatne. Ålesund friluftsskule vart arrangert  for første gang med base på Stafsethneset ved Vegsundet i Ålesund. Begge 20.-24. juni.

Sommaren 2015: Friluftsskulen vart arrangert for første gang i Haram kommune i samarbeid med Frivilligsentralen i Haram. 

Sommaren 2014: Friluftsrådet gjennomføre eit pilotprosjekt med friluftsskule som ulike dagtilbod i fleire medlemskommunar. Dette var ein kjempesuksess, der over 120 barn fekk prøve vikingleikar, kajakk, orientering, fiske mm. Her er lenke til tv-reportasje om det første friluftsskule opplegget: http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/DKMR99062614/26-06-2014#t=10m41s