Padlefestivalen vert gjennomført med spelemidlar til barn og unge gjennom Friluftsrådenes Landsforbund.
Kajakkursa er tilpassa ungdom og følgjer utdanningsstigen til våttkort frå Norges Padleforbund.
Kurs og opplæring
I padlefestivalen arrangerer vi både introduksjonskurs (3t) og grunnkurs over 3 dagar a 6 t (Det er to timar meir enn kursmalen på 16t)
Introduksjonskurs er ei innføring til kajakkpadling der du kan teste ut om dette er ein aktivitet du vil like!
Grunnkurset gir deg litt meir opplæring med padle- og redningsteknikkar. Dette gir deg moglegheit til å padle turar i skjerma farvatn saman med andre rutinerte padlarar.
Pris:
Introduksjonskurs kostar kr 150.- (som dekker kostnaden til våttkortet)
Grunnkurs kostar kr 150.- (kursavgift/våttkort)
Betaling ved påmelding.
Utstyr til å vere med på padlefestival UNG:
Du treng våtdrakt eller tørrdrakt. *
Ta med tørt skift i vanntette posar til å ta med i kajakken
Mat og drikke
* Har du ikkje eigen våtdrakt eller tørrdrakt er det mange utstyrsbasar i regionen har utstyr til gratis utlån - sjekk her for oversikt
Du får låne kajakk, åre, spruttrekk og vest med Sunnmøre friluftsråd.
Utfyllande informasjon og pakkeliste blir sendt til påmeldte.
Program for padlefestivalen 2023:
Introduksjonskurs (3 t):
Torsdag 10.august: Sykkylven; Nysætervatnet v/Orreneset
Onsdag 16.august: Vestnes; Kråkneset
Grunnkurs (18t - 3 dagar):
Fredag 11.august tom søndag 13.august: Hareid/Herøy/Ulstein; Snipsøyrvatnet/Kjeldsund/Eiksund
Fredag 18.august tom søndag 20.august: Ålesund; Murvika