IMG_9642.JPG

Padlefestival UNG 2021

Sunnmøre friluftsråd i samarbeid med Herøy kajakklubb arrangerer for tredje året på rad padlefestival for ungdom. I år blir festivalen større enn nokon gong tidlegare med grunnkurs, teknikkurs og opne kveldar på Eiksund (Ulstein) og Jensholmen (Herøy)

Padlefestivalen er for alle mellom 13-18.år

Padlefestivalen vert gjennomført med spelemidlar til barn og unge gjennom Friluftsrådenes Landsforbund og med støtte frå Møre og Romsdal fylke.
Alle kurs og aktivitetar i padlefestivalen er difor gratis

Padlefestivalen dag for dag:

Måndag 21.juni: kl 0900-1700 og 1800-2000
Grunnkurs UNG på Eiksund (dag 1 av 2)
Teknikkurs UNG på Eiksund (dag 1 av 2)
Open kveld på Eiksund - kom og prøv om du likar kajakk!

Tysdag 22.juni: kl 0900-1700
Grunnkurs UNG på Eiksund (dag 2 av 2)
Teknikkurs UNG på Eiksund (dag 2 av 2)

Onsdag 23.juni: kl 1800-2000
Open kveld på naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen

Torsdag 24.juni: kl 0900-1700
Grunnkurs UNG på Jensholmen (dag 1 av 2)

Fredag 25.juni: kl 0900-1700
Grunnkurs UNG på Jensholmen (dag 2 av 2)

Bilde_1.png

Grunnkurs UNG kajakk - meld deg på så raskt som råd!

Padlefestivalen arrangerer i år to grunnkurs UNG på to ulike stader:

Måndag 21. og tysdag 22.juni er det grunnkurs med start og avslutning på Eiksund i Ulstein

Torsdag 24. og fredag 25.juni er det nytt grunnkurs med start og avslutning på Jensholmen i Herøy

Grunnkurs hav er eit 16 timars kurs og vert gjennomført som to dagar med padling på tur og strandhogg undervegs.

På kurset får du lære korleis du effektivt manøvrerer ein kajakk og korleis ein skal planlegge og gjennomføre ein sikker padletur i ei gruppe.

Du vil og få innføring i eigenredning og kameratredning.

Etter kurset får du våttkort med oblat frå Padleforbundet. Grunnkurs hav vert ofte krevd om du ynskjer å leige kajakk både lokalt og nasjonalt.

Kursa er gratis og inkluderer medlemskap i Herøy kajakklubb ut året!

Utstyr:
Du treng våtdrakt eller tørrdrakt. (Mange utstyrsbasar i regionen har utstyr til gratis utlån - sjekk her for oversikt)
Ta med tørt skift i vanntette posar til å ta med i kajakken
Mat og drikke

Du får låne kajakk, åre, spruttrekk og vest med Herøy kajakklubb eller Sunnmøre friluftsråd

Det er avgrensa plassar på kursa og det blir fort fullt, meld deg på så raskt som råd!

Grunnkurs UNG på Eiksund måndag 21.-tysdag 22.juni: https://www.vaattkort.no/Event/Booking/9358

Grunnkurs UNG på Jensholmen torsdag 24.-fredag 25.juni: https://www.vaattkort.no/Event/Booking/9359

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Teknikkurs UNG på Eiksund måndag 21.- tysdag22.juni - meld deg på så raskt som råd!

I år vert det for første gang arrangert teknikkurs UNG i padlefestivalen!

Teknikkurset er for deg som allereie har gått grunkurset og vil lære enda meir om padling.

Kurset går Måndag 21. og tysdag 22.juni med start og avslutning på Eiksund i Ulstein

Teknikkurset er eit 16 timars kurs og vert gjennomført som to dagar med padling på tur og strandhogg undervegs.

På kurset får du lære meir om ulike padletak og meir om redning.

Etter kurset får du nytt oblat frå Padleforbundet som viser at du har fullført teknikkurset.

Kurset er gratis og inkluderer medlemskap i Herøy kajakklubb ut året!

Utstyr:
Du treng våtdrakt eller tørrdrakt. (Mange utstyrsbasar i regionen har utstyr til gratis utlån - sjekk her for oversikt)
Ta med tørt skift i vanntette posar til å ta med i kajakken
Mat og drikke

Du får låne kajakk, åre, spruttrekk og vest med Herøy kajakklubb eller Sunnmøre friluftsråd

Det er avgrensa plassar på kursa og det blir fort fullt, meld deg på så raskt som råd!

Teknikkurs UNG på Eiksund måndag 21.-tysdag 22.juni: https://www.vaattkort.no/Event/Booking/9357

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Open kveld! Måndag 21.juni på Eiksund og onsdag 23.juni på Jensholmen


Open kveld er for deg som ynskjer å prøve kajakk, men som framleis er usikker på om kajakk er så gøy at du vil med på grunnkurs.

Det er ingen påmelding til open kveld, berre ta med godt humør, tørre klesskift og bli med på ein kortare eller litt lengre padletur i lag med dyktige padlarar frå Herøy kajakklubb som gir deg litt rettleiing og passar på.

Måndag 21.juni kl 1800-2000 på Eiksund

Onsdag 23.juni kl 1800-2000 på naustet til Herøy kajakklubb på Jensholmen

HKK-logo-2013-bl__.jpg

Padlefestivalen er arrangert i samarbeid med Herøy kajakklubb


Kursa i padlefestivalen er gratis og inkluderer medlemskap i Herøy kajakklubb ut 2021!

Herøy kajakkubb har eit godt klubbmiljø med spennande og kjekke aktivitet gjennom året, og eige naust på Jensholmen i Herøy. 

Klubbinformasjon:
Heimeside: heroykajakk.no
 Facebook: Herøy kajakklubb