Grand-Nordic-3.jpg

Produktfoto frå Hekta på tur. Dette er  den hengekøya med tarp som du får overnatte i!

Hengekøyeovernatting avlyst pga lite påmelding. >

Må du ofte på sjukehuset og treng ein pause? Er du i alderen 12-14 år? Då inviterer Sunnmøre friluftsråd deg til å vere med ut og lage mat på bål, slå leir og overnatte i hengekøye.

Kroniske eller andre langvarige sjukdommar treng ikkje bety at ein ikkje kan delta i friluftslivsaktivitetar. Har du lyst og føler deg i form til det, er du hjarteleg velkomen til å vere med på nokre opplevingar utanom den vanlege kvardagen.

Aktivitetane er avklart med Ålesund sjukehus, og du må gjerne ha med eit søsken eller venn/venninne.

Opplegget er delt i to: Første gongen samlast vi til ein hyggeleg kveld der vi lagar mat på bål. Andre gongen skal vi også gå til ein fin leirplass, henge opp hengekøyene og overnatte ute. Stad blir bestemt etter kvar fleirtalet av dei som melder seg på bur. Friluftsrådet ordnar med mat, hengekøyer og anna utstyr. Men første kvelden må du ta med:


- Kopp, fat og bestikk

- Varm ullgenser og/eller dunjakke

- Kle og sko etter veret


Denne kvelden går vi også gjennom kva slags utstyr du treng til overnattingsturen.


Datoar: 29. oktober og 7.- 8. november

Med atterhald om at det vert nok påmeldte.

Pris: Deltaking er gratis


Smitteførebygging: Vi følgjer smittevernreglane. Vi skal vere ute heile tida, halde ein meter avstand og ha god hygiene ved matlaginga.


Viktig: Har du mistanke om at du er smitta av Covid-19, er i karantene eller har symptom på luftvegssjukdom, kan du ikkje delta, sjølv om symptoma er milde. Alle deltakarane må følgje råda og beskjedane frå leiarane.

Har du spørsmål eller treng meir informasjon, ta kontakt med Ellen Marte Solem på ellen.marte@hotmail.com


Informasjon vert sendt til påmeldte.


Påmelding stengt - arrangementet er avlyst pga lite påmelding


Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.