lasting_ombord_i_Rigmor.jpg

Lasting ombord i Rigmor

Marin forsøpling

Er du ein av dei som vil hjelpe med opprydding av marin forsøpling? Vi kan hjelpe deg med utstyr og frakt av oppsamla søppel.

Kontaktinformasjon

Kontakt Malin Therese Fiksdal på:
Tlf.: 48 23 19 05 eller 

Vi har sekkar og hanskar på lager for utdeling til ryddeaksjonar. Det er mogleg å hente utstyr  hos oss på Kongshaugstranda 105 på Eidsneset i Sula kommune. 

Treng du hjelp til handtering av rydda søppel? Ta kontakt så hjelper vi til med dette. 

Er dykk eit større ryddelag er det mogleg å søkje oss om midlar for arbeidet. Vi kan dele ut inntil kr 10 000,- til skular, lag og foreiningar som går til eit felles føremål.

Vi oppfordrar alle til å registrere ryddinga si på Rydde: https://ryddenorge.no/  Ta gjerne kontakt om du treng hjelp til dette. 

Viktig førebuing før og under ryddeaksjonar: 

- Sjekk smittevernråda frå myndigheitene, på følgjande lenke: https://helsenorge.no/koronavirus
- Les rettleiaren til Senter for oljevern og marint miljø, på følgjande lenke før rydding:  Veileder strandrydding | Senter for oljevern og marint miljø (marintmiljo.no)


-Ein ansvarleg person for ryddeaksjonen bør ha kontroll på kven som er tilstades. Listene bør ha namn og kontaktinformasjon til alle som er med på ryddeaksjonen. Årsaka til det er mogleg sporing av smitte i etterkant.
-Hugs god hygiene og avstand

Om det blir rydda mykje, det er vanskeleg å kome til med bil, og sekkane blir samla i depot på 8 - 10 sekkar, eller at det er større og vanskeleg handterbart søppel, kan vi hente dette med båt. 
Depota må leggjast slik at ein kan kome til med båt, gjerne ved eit svaberg med god djupne utanfor. Pass på at det innsamla søppelet ikkje kan takast av flo, vind og vêr.

Send informasjon med koordinater, og/eller avmerka på kart, kvar depotet er på e-post til: malin.fiksdal@friluftsraadet.no

For meir informasjon kontakt med Malin Therese Fiksdal.

Lykke til med ryddinga!