Sla_og_778__pa_og_778__ringen_logo.png

Slå på ringen - uteleik for betre folkehelse

Vi vil inspirere til enkel og variert uteleik - til latter, robust rørsle, raude kinn og å kjenne på gleda av å leike ilag ute.

Prosjektet "Slå på ringen" har tre tilbod til skulane - klikk på lenkene for å lese meir:

Meir uteleik til alle
Sunnmøre friluftsråd vil i 2022 arbeide målretta med å skape større merksemd rundt uteleiken. Etter å ha jobba med Leikepatruljen i 3 år, har vi sett kor unik og viktig uteleiken er for oss alle. I ei tid der fysisk aktivitet og trening blir målt i pulsslag og kilometer, vil vi bidra til å styrke kunnskapen og kjennskapen til kva uteleiken er og kva den gjer med oss. 

Uteleiken er ein mål i seg sjølv
Uteleiken er unik fordi den er eit samspel mellom menneske, leiken og naturen rundt oss. Når vi leikar ute, tilpassar vi oss og det opnar seg opp nye perspektiv og nye moglegheiter.  Uteleik kan vere så mykje. Det kan vere leik i skogen, ved sjøen eller i skulegarden. Om du leikar åleine, med to eller ti, er det framleis leik. Det kan vere ringleikar og songleikar, fantasileikar og robuste, grovmotoriske leikar som du finn på sjølv. Felles for all leik er at den er eit mål i seg sjølv og har si eiga drivkraft. Den lever sitt eige liv og har sin eigen verdi. Med «Slå på ringen» vil vi inspirere og legge til rette for variert og utfordrande leik der det trengst minimalt med utstyr. Enkle leikar ute med enkelt utstyr er både inspirerande og berekraftig og noko friluftsrådet brenn for å dele.

Uteleiken - kva skjedde og kor går vi?
Uteleiken er mangfaldig og den gjer noko med oss alle. Den er mykje meir enn aktivitet og tidtrøyte. Uteleik bidreg til sosial forståing, initiativ, utforsking, robust rørsle, er sansemotorisk stimulerande, fantasieggande, skaper samkjensle, tryggleik og triggar vår strategiske tenking.

Det kan sjå ut som at den gode, gamle barneleiken har sakte, men sikkert tapt terreng og organisert aktivitet har tatt plassen i staden. Dermed har og kunnskapen om uteleiken forsvunne.  Leikerepertoaret til kvar og ein av oss har vorte mindre og dermed femner leiken færre. På 70-talet kunne dei fleste barn mellom 20 og 30 leikar som dei nytta ved ulike høve, alt etter tid, stad og tid på året. I dag er det ikkje uvanleg at barna aktivt leikar 2 -3 leikar i friminutta og på fritida.  Dette vil vi gjerne noko med. Sett i lys av fagfornyinga i skulen Hva er fagfornyelsen? (udir.no), framtidsferdigheitene og FN sine berekraftsmål, er uteleiken eit unikt verktøy. Uteleik er for alle og kan lærast av alle, men vi må alle ta i eit tak for å lære og gjere for leik må lærast og utviklast. Den er ikkje statisk. Vi må skape eit mangfald og ha kunnskap om all slags leik for å stimulere til meir leik. Og det er avgjerande at vi som vaksne er med og utviklar leiken. Det er ikkje leiken som har gått ut på dato, men vår kunnskap om leiken og no er det på tide å gjere grep. Ved å vere gode leikarar tek vi ansvar for kvarandre, byr på oss sjølv og gir rom for at vi alle er ulike. Bli med på leiken!

Barneleikane
I ««Slå på ringen»» slår vi særleg eit slag for dei gode, gamle barneleikane. Fordi dei er gøy halde på med, dei er enkle å lære og kan varierast i det uendelege. I tillegg er dei ein viktig del av vår kulturarv og dermed også ein del av vår identitet. Jo fleire leikar kvar og ein av oss kan jo betre utstyrt er vi til å ta dei i bruk. 

Vi vil ha hjelp
I vårt arbeid har vi oppdaga at der er relativt lite dokumentasjon av barneleikar, særleg den som er filma. Derfor er ein del av vårt prosjekt å dokumentere og filme barneleikar, dei gode gamle så vel som dei av nyare dato. Vi vil veldig gjerne å få innspel og forslag til leikar. Situasjonen i dag er at mange av desse leikane er i ferd med å gå tapt og det vil vi gjere noko med. For kva skjedde med alle leikane med hoppestrikk, hoppetau og sprettball frå 70- og 80-talet? Om nokon brenn inne med ein hoppstrikkleik så ikkje nøl med å ta kontakt for den vil vi gjerne lære.

Prosjektleiar
Prosjektleiar Inger Bakke i Sunnmøre friluftsråd er utdanna skodespelar og har lang erfaring i arbeid med leik, rørsle og kreativitet ute. Ho har leia arbeidet med Leikepatruljen dei to siste åra. Ho brenn  for barnet sitt eige initiativ, utfordre det og legge til rette for enda meir rørsle og kreativitet. God vegleiing av den vaksne er og avgjerande for å vekke den gløymte leiken til liv igjen. 

Framdrift
Grunna korona har vi hatt avgrensingar med tanke på kurs, men våren 2022 er det full drift med kurs for elevar (Leikepatruljen) og tilsette i skulen ( Prøvekaninane).  

Bli med/kontakt friluftsrådet
Om du vil at din skule skal bli med så ta kontakt med prosjektleiar i Sunnmøre friluftsråd Inger Bakke for utfyllande informasjon. Inger har e-post: inger@friluftsraadet.no og mobil 48218981.

 Prosjektet er støtta av vår flotte samarbeidspartnar Sparebanken Møre