FB_IMG_1572589932831.jpg

Frå kveldsturen på Tueneset. Foto: Ingrid Rui

Familiekveldstur med friluftsrådet

Ta med familien og bli med Friluftsrådet på hyggelege kveldsturar i dei 13 medlemskommunane i november!

Bli med oss på tur! Alle turane startar kl 1800

Vi går i lag frå parkeringa. Vel framme ventar kakao og eit kulturelt innslag kring bålet.

Arrangementa er familievenlege. Dei er opne for alle, så det er berre å møte opp. Påmelding trengst ikkje.  

Turane varer om lag 2 timar, men ein kan dra heimatt når det passer.  Vi går ei refleksløype så det er lett å finne vegen att til parkeringa på egen hand. 

De aller fleste turane passar for rullestol og barnevogn. Dei turane som ikkje er rullestols/barnevognsvenlege har ein merknad om dette i lista nedanfor.

Gjer vel og ta med:
  • Varm klede
  • Sitteunderlag
  • Kopp
  • Hovudlykt!  
Du må gjerne ta med litt enkel grillmat som pølser, pinnebrød, marshmellows til bålet

Sjå i kartet for oppmøtestad. Turane startar kl. 18.00. Kom nokre minutt før, så vi er klare til å gå samtidig. 

Oversikt over turane

Alle turane er barne- og familievennlege.

Mange av turane høver også for barnevogn og for rullestol med hjelpar, men berre Elvastien i Sjøholt er tilnærma universelt utforma. 

Gjer vel og sjekk turskildringa i turkorta for meir informasjon

Har du spørsmål? Ta kontakt med Ingrid Rui, mobil 99 59 69 28

Håpar å møte deg/dykk på tur!

Dato

Kommune

Stad

Parkering

Tysdag 5.11

Ålesund

Tueneset

Parkeringa ved Atlanterhavsparken (rullestol treng hjelpar)

Onsdag 6.11

Norddal

Valldal - Bedringens veg

Parkeringa ved hamna.

Torsdag 7.11

Giske

Vigra - Budafjellet

Parkeringa ved Sandvika.  Ikkje eigna for rullestol eller barnevogn

Måndag 11.11

Haram

Slyngstad - Slyngstadvatnet

Parkeringa ved Slyngstadvegen/Fannedalsvegen

Tysdag 12.11

Skodje

Utløa på veg mot Apalviksætra

Den store parkeringa på Benken På Stien

Onsdag 13.11

Sula

Mausavatnet

Parkeringa ved Bakkenesvegen. (barnevognsvennleg, ikkje egna for rullestol) NB: denne turen tek litt lenger tid.

Torsdag 14.11

Stordal

Elvaforbygginga

Parkeringa ved Hamna (barnevognsvennleg, rullestol treng hjelpar)

Måndag 18.11

Stranda

Barlia

Parkering ved Stadion/Røde Kors huset (ikkje egna for barnevogn eller rullestol)

Tysdag 19.11

Volda

Heltnelihuken

Parkeringa ved vasshuset (ikkje eigna for manuell rullestol)

Onsdag 20.11

Ørsta

Hovdevatnet

Parkeringa ved Hovden Møbel

Torsdag 21.11

Ørskog

Sjøholt - Elvastien

Parkeringa ved kyrkja

Torsdag 28.11

Vestnes

Kråkneset

Parkeringa ved stadion 

Fredag 29.11

Ulstein

Fløstranda

NB! Ved dårleg vêr blir turen flytta til Bugardsmyrane. Følg med her eller på FB Fritidifriluft

Parkeringa ved Gåsneset