Friluftsrådet har søkt om prosjektmidlar for å halde kurs for lærarar og tilsette i SFO og barnehage.

Mykje læring og moro med friluftsrådet sine taubruer!
Skule, SFO og barnehage
Oversikt over kurs og opplæringstilbod i friluftsrådet i 2019.
Kurstilbod for lærarar i "Læring i friluft"

Frå froskeegg til rumpetroll til småfroskar. God rettleiar finn du under menyen "til nedlasting"
Bestillingskurs - ta kontakt!
Friluftsrådet har arbeidd med uteopplegg i skule, sfo og barnehage sidan 1994.
Vi har opp i gjennom åra lært mykje praktisk av organisering , naturkjennskap i ulike naturmiljø og internkontroll og tryggleik. Vi har vore bidragsytar til idêpermane "Læring i friluft" frå Friluftsrådenes Landsforbund
Naturressursar i ditt nærområde
Friluftsrådet ynskjer å hjelpe til med å sjå og tipse om kva som er mulig i ditt nærområde. Friluftsrådet kan og halde kurs i tema og emne som ein finn i "læring i friluft"-permane.
Kurs frå materiell utstyrsbasen
Friluftsrådet har og mykje utstyr til gratis utlån og kan arrangere kurs og rettleiing av anten vaksne, eller vaksne med barnegrupper i alt dette.
Snø og snøskred, snøforming, taubruer, matlaging ute, kajakk mm
Rettleiande prisar er:
Halvdagskurs/kveldskurs kr 3000.- per rettleiar
Heildagskurs kr 6000.- per rettleiar
I regelen sett vi eit tak på ca 15 deltakarar per rettleiar