Buldrehallen.jpg

Foto: Buldrehallen

Klatregruppa hausten 2020 - avlyst pga lite påmelding >

Hei, vil du prøve å klatre? Bli med i klatregruppa til Sunnmøre friluftsråd!

Klatregruppa er for deg mellom 15 og 17 år som har ein kronisk eller langvarig sjukdom, men som har lyst og helse til å prøve ei slik fysisk utfordring.

Enten du har prøvd å klatre litt før eller er heilt fersk, er du velkomen til å vere med på klatregruppa. Opplegget vil gå over tre gonger, dei to første i buldrehallen på Moa, og den tredje i klatretau i Sunnmørshallen. 


Opplegget av avklart med Ålesund sjukehus og om du vil, kan du ta med deg ein venn/venninne eller eit søsken.


Datoar: Fredag 6. november, fredag 20. november og fredag 4.desember



Utstyr:

- Ledige klede og sko du kan bevege deg i.


Pris: Deltaking er gratis


Smitteførebygging:

Vi følgjer smittevernreglane. I buldrehallen får vi eine avdelinga for oss sjølve, og vil sørge for god handhygiene og ein meter avstand. 

Undersøkingar viser at klatrekalk i både flytande og tørr form ikkje spreier virus - les meir her


Viktig: Er du smitta av Covid-19, er i karantene eller har symptom på luftvegssjukdom kan du ikkje delta sjølv om du har milde symptom. Deltakarane må følgje  råda og beskjedane frå leiarane.


Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, ta kontakt med Ellen Marte Solem på ellen.marte@hotmail.com


Opplegg blir gjennomført med atterhald om at det vert nok påmeldte.


Informasjon vert sendt til påmeldte.


Påmelding stengt - arrangementet er avlyst pga lite påmelding




Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.