P5050282_2286.jpg

Kajakk er ein innfalsport til kystfriluftsliv. Målet er å gi elevane kjennskap til hav, kystmiljø og ver og vind gjennom ein kombinasjon av kajakk og "stedsbasert læring" for dei som ikkje er på vatnet. Kajakk gir også meistringsglede og kan bidra til livslang glede over å vere i aktivitet i naturen vår på Sunnmøre!

Kajakknettverk i skulen 2019 >

Meir og betre bruk av kajakk i undervisninga

Førehandsmelding om mogleg prosjektstart

Det er positive signal til at friluftsrådet får midlar på søknaden vår om å etablere eit nettverk for kajakk i skulen. 

Tanken med kajakknettverket er:

  • Auke kompetansen til lærarane
  • Gi elevane meir og betre undervisning i kajakk i mindre grupper
  • Utvikle "stedsbaserte" undervisningsopplegg etter læreplanen for dei elevane som av reint praktiske omsyn ikkje er i kajakkane

Dette er ei minimum treårig nettverksdeltaking der friluftsrådet vil bidra til at det vert utdanna lærarar som aktivitetsleiarar etter våttkortstigen til Padleforbundet.

Kurs og opplegg vil følgje våttkortmalen, men vil i tillegg vere spissa mot lærarar og skulen slik at det skal vere enklast og mest mogleg relevant å overføre opplegga til eigen kajakkundervisning for elevane.

Føresetnad for skulane for å få delta i kajakknettverket er:

  • Kvar skule stiller med minimum to lærarar som får ansvaret for kajakkundervisninga på eigen skule etter å ha gjennomført aktivitetsleiarkurset til Padleforbundet.
  • Kvar skule skal innføre kajakk i lokal læreplan for relevant klassetrinn (utgangspunktet frå 5/6.trinn og oppover)
  • Sidan kajakkundervisning berre kan skje med mindre elevgrupper i gangen, skal kvar skule som er med i nettverket vere med på å utvikle relevante undervisningsopplegg for dei elevgruppene som er på land. Desse undervisningsopplegga skal vere i samsvar med læreplanen og knytt mot «Stedsbasert læring» om fjæra, hav, strandsona, vær og klima, marin forsøpling, livredning/trygg ferdsel langs hav og vatn

Sidan dette er eit nettverk er det ikkje slik at kvar skule og lærar skal utvikle eigne undervisningsopplegg, men at vi i felleskap lagar gode undervisningsopplegg som ligg som ein idêbank som ein kan velge å bruke parallelt med kajakkundervisninga.

Vi skal også legge til rette for kajakkpadling utanom undervisning/skuletid slik at lærarar i nettverket får meir eigenerfaring og erfaringsdeling/"mesterlæring" gjennom nokre organiserte padleturar.

Våttkortstigen kan du lese meir om på www.padling.no

Det vert i utgangspunktet eit våttkort-kurs i året over to dagar som lærarane må vere med på. Tilsaman tre kurs fordelt over 3 år.

Førebels plan for kursstadar er Hatlane, Stafsethneset og Eiksund.

Mellom kursa vert det oppfordra til eigenaktivitet og det blir organisert nokre fellesturarar utanom skuletida som ein må vere med på.

 Koordinatorar for kajakknettverket er Christer Lundberg Nes i friluftsrådet og Dag Roland veileder hav (NPF)

 Spørsmål: ring Christer på mobil 91246400

Kontaktinformasjon skule
Skule:* 
Skulen sitt namn
Medlemskommune:* 
I kva medlemskommune ligg skulen













Einingsleiar/rektor:* 
Namn på einingsleiar/rektor ved skulen
E-post adresse til einingsleiar:* 
Kopi av dette skjemaet blir sendt til denne e-post adressa når de klikkar send inn.
Kontaktinformasjon til lærarane som blir med i nettverket
Namn på lærar 1:* 
Mobiltelefon lærar 1:* 
E-post lærar 1:* 
Klassetrinn/stilling lærar 1:* 
Namn på lærar 2:* 
Mobiltelefon lærar 2:* 
E-post lærar 2:* 
Klassetrinn/stilling lærar 2:* 
Fleire lærarar i eigen skule? - spesifiser her: 
Nettverket sett krav om minimum to lærarar for å ha eit lite fagmiljø i eigen skule. Men vi ser svært positivt på om det er fleire enn to lærarar som blir med! Og om det vert naudsynt med prioritering av påmelde skular kan bli aktuelt å prioritere skular som stiller med fleire enn to lærarar og fordi dei då får eit større fagmiljø.
Tegn igjen
Kartlegging av kursstadar
Ynskje om kursstad:* 
Uforpliktande kartlegging om ynskje av kursstad for våttkort-kursa




Fritekstfelt: 
Anna informasjon du vil gi til friluftsrådet? Skriv her
Tegn igjen