Status for kajakknettverket 2022
Dette var det fjerde året med nettverksarbeid. 5 nye lærarar har blitt godkjende aktivitetsleiarar i våttkortstigen til Padleforbundet. Totalt har vi no utdanna 16 aktivitetsleiarar i prosjektet!
Det vart laga nye skriftlege avtalar med skular i nettverket. Og kajakk i skulen stod i 2022 av 13 (14) skular og 44 aktive lærarar!
Friluftsrådet gjennomførte i 2022:
- 1 grunnkurs
- 1 forkurs aktivitetsleiar
- 2 dagar med teknikkøving
- 1 aktivitetsleiarkurs
- 1 fagdag
Sula ungdomsskule og Ørsta ungdomsskule gjennomførte kajakkundervisning for over 200 elevar i 2022! Undervisninga vart gjennomført med eigne aktivitetsleiarar utdanna gjennom prosjektet og med kajakkar frå friluftsrådet!
Status for kajakknettverket 2021
Dette var det tredje året med nettverksarbeid om meir og betre bruk av kajakk i skulen. Og arbeidet har vore ein kjempesuksess og dei første 11 lærarane vart godkjende som aktivitetsleiarar i våttkortstigen til padleforbundet! Friluftsrådet gratulerer så mykje til desse lærarane som har stått på og utvikla seg gjennom kurs og eigenaktvitet over 3 år!
Totalt har friluftsrådet gjennomført 6 kurs i 2021:
- 2 aktivitetsleiarkurs med 11 lærarar
- 2 teknikkurs med 11 lærarar
- 1oppfølgingsdag teknikkurs med 4 lærarar
- 1 grunnkurs med 8 lærarar
Totalt har 37 lærarar frå 11 skular vore aktive og gått kurs i våttkortstigen med friluftsrådeti 2021
Status for kajakknettverket 2020
Vi har gjennomførte 3 regionale nettverkssamlingar for 35 lærar om «Læring i friluft» og «Stedsbasert læring» før samfunnet og skulane stengde ned i førebygging av koronasmitte i vår.
Mange skular og lærarar var med på webinar med Knut Berntsen i Friluftsrådenes Landsforbund om "Læring i friluft" og Arne N. Jordet sitt foredrag for Ishavskysten friluftsråd i Tromsø (via strømming på nett)
Kajakkopplæring i 2020
- 13 lærarar frå 3 kommunar og 6 forskjellige skular har gått grunnkurs i 2020
- 11 lærarar frå 3 kommunar og 5 forskjellige skular har gått teknikkurs i 2020
I tillegg har 5 lærarar starta på kurs, men av ulike grunnar ikkje fått fullført kurset i år.
Totalt har 29 lærar vore aktive på kajakkurs i nettverket i 2020!
Status for kajakknettverket 2019
Våren 2019 etablerer friluftsrådet eit nettverk for kajakkundervisning i skulen.
Vi håpte på 4-5 interesserte skular med 10-15 lærarar, men fekk påmelding frå 16 skular og over 50 lærar!
4 lærarar starta på kurs, men på grunn av stadig dårleg timing utover hausten mellom tidspunkt og for mykje vêr og vind måtte siste del av kurset utsettast til 2020.
I 2019 gjennomførte vi grunnkurs for 18 lærarar.