2022-12-02_13.00.23.jpg

Tareholmen 4H sin gapahuk på Kvamsøya. Foto: Christer Lundberg Nes

Tareholmen 4H gapahuken på Kvamsøya

Gratis tur til gapahuken med opplegg for heile familien.
Arr. Tareholmen 4H og Sunnmøre friluftsråd
Laurdag 11. november 2023 Kl 1300 - 1530  

Vi møtast ved klubbhuset på stadion på Kvamsøya litt før kl 1300

Kl 1300 går vi i fellesskap til Tareholmen 4H sin gapahuk.  
Her lagar vi bål som skapar rammene for ei hyggeleg stund i gapahuken. 
Og det vert aktivitetar for barn og resten av familien. 

Ta gjerne med eigen kopp til kaffi/kakao. 
Arrangementet er gratis og opent for alle!

Er ein litt sprek treng ein ikkje å ta bilen over til Kvamsøya. Det er litt over 1 km til oppmøteplassen frå fergekaia og litt under 1 km vidare til gapahuken.

Tilrådd ferge: 1140 frå Larsnes
Fergeruter finn du her: https://frammr.no/reiseplanleggaren

Kvamsøya er veldig flott og byr på mange moglegheiter. Nytt gjerne høve til å gå vidare til Høgenipa og Myrvatnet.
Har du tatt med bilen over bør du nesten ta turen bortom Ristesundet 

Bli også gjerne med oss til: 
Strandafjellet 12/11 med Stranda Rotaryklubb. Oppmøte 1030 ved p-plassen ved Stranda Skisenter