Aurora
Lotsberg Marjala og Maja Juul Hansen er naturguidar for friluftsrådet på turane.
Aurora fortel at opplegget blir spennande for alle, og spesielt lærerikt for dei yngre: «Vi skal rote i skogbotnen, snakke om dyreliv og planter og lage bål i lag. Medan det blir tilbod om noko varmt å drikke (kaffe/te/saft/kakao) skal vi høyre fortellingar rundt om bålet og finne hygge og varme, no som kulda og mørket kjem nærmare med vinteren.»
Alle tre turane blir gjennomført i samarbeid med den frivillige organisasjonen som har sett opp gapahuken som turen går til. På Kvamsøya er turen i samarbeide med Tareholmen 4H, på Strandafjellet med Stranda Rotaryklubb og ved Eidså i samarbeide med Vårbrus 4H.
Christer Lundberg Nes er fagleiar aktivitet i friluftsrådet. Friluftsrådet erfarer at gapahukar som er sett opp i ulike turområde ofte viser seg å vere viktig turmål og bidrar til at fleire kjem seg ut og går tur. Friluftsrådet samlar informasjon om turmål som badeplassar og gapahukar, og tek gjerne imot lokale tips slik at friluftsrådet kan dele denne informasjon til turglede for fleire. "Det er veldig kjekt at disse turane blir gjennomført i samarbeid med lokale, frivillige organisasjonar. På den måten kan fleire bli merksame på det gode arbeide dei gjer i lokalsamfunnet. Deira arbeidsinnsatsen gjer at vi får moglegheit til å gå til flotte turmål og kose oss ved bålet!" seier Christer.
Maja gler seg til å vere naturguide på turane: «Turane høver for alle, og barnefamiliar er spesielt velkomne til ein spennande og hyggeleg dag med tur, bålkos og kjekke naturtips»
Meir informasjon om turane finn du her: