Aktivitetsleiarkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund.
Dette er siste kurset vi tilbyr gjennom nettverket i våttkortstigen, og sjølve aktivitetsleiarkurset blir gjennomført i september!
I motsetning til dei tidlegare kursa som handlar om deltaking og øving er aktivitetsleiarkurset eit kurs der du vert vurdert til bestått/ikkje bestått.
Vi legg opp til forkurset for å kunne gi deg eit best mogleg utgangspunkt til å bestå aktivitetsleiarkurset.
Forkurs aktivitetsleiar
På denne kvelden vil vi repetere og jobbe med teknikkane du lærte på teknikkurset og grunnkurset.
Vi padlar på tur og går gjennom tips og triks, og vil gje deg tilbakemelding på kva du bør eller må øve og trene på fram mot aktivitetsleiarkurset.
Dette blir ein lærerik og kjekk kveld!
Som tidlegare får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal gjere på forkurset!
Ta med:
Litt mat og drikke (kaldt og/eller varmt).
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.
Du har no kome så langt i utdanninga di i våttkortstigen at du allereie bør ha investert i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt.
Låner du tørrdrakt MÅ du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har fleire som har lånt tørrdrakter på kurs og der drakta har hatt for store opningar som lek.
Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett!
Skal du skaffe dei eiga drakt først seinare i sommar finn du oversikt over utstyrsbasar her: Utstyrsbasar
Kursleiar: Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kurskveld: Måndag 22.mai
Tidspunkt: 17-21
Kursstad: Eiksund
Forkurset kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kurskvelden, eller om det er utbygging/gravearbeid ved lageret som gjer det vanskeleg å gjennomføre kurset der.
Her kan du lese meir om kursinnhaldet i aktivitetsleiarkurset med padleforbundet: Aktivitetsleiarkurs
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte
Forkurset 22.mai er gratis for lærarar på skular i nettverket!
Påmelding så raskt som råd!
Påmeldinga er bindande.
Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.