Teknikkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir opplæring i grunnleggande teknikkar i turpadling og vurdering av tryggleik. Etter endt kurs skal deltakarane kunne utføre god teknikk i rolege omgivelsar.
Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Dette er første påbygging etter grunnkurset og gir deg enda større meistringsglede gjennom auka repertoar av teknikkar og kjennskap til kajakken.
Du får låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal lære på kurset!
Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt).
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.
Dersom du ikkje allereie har gjort det, er du no komen så langt i utdanninga di i våttkortstigen at du bør ha investert i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt.
Låner du tørrdrakt MÅ du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har no erfaring frå fleire kurs med personar som har lånt tørrdrakt, og der drakta har hatt for store opningar som lek. Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett!
Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar
Kursleiar: Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: Onsdag 03.mai og torsdag 4.mai
Tidspunkt: ca 9-17 (8 timar kvar dag)
Kursstad: Minimum 1 dag i Sykkylven
1 dag kan bli gjennomført ein anna stad etter vurdering av logistikk og reiseveg
Kurset kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane
Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padleforbundet: Teknikkurs hav
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte
Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!
Påmeldingsfrist: så raskt som råd
Påmeldinga er bindande.
Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.