Vinterferietilbod.jpg

Vinterferietilbod 2023 - Onsdagsturen! >

Med base i hytte ved Ørsta skisenter arranger friluftsrådet kjekk vinterfriluftslivsaktivitetar i vinterferien

Onsdagsturen 2023

Med base i hytte ved Ørsta skisenter arrangerer Friluftsrådet kjekke vinterfriluftslivsaktivitetar i vinterferien!

Det blir mellom anna:

  • Skitur/trugetur
  • 3 timers kort i heisa med Ørsta skisenter
  • Bålkveld
  • Peiskos og spel
  • Snøborgbygging
  • Overnatting inne eller ute

Det blir arrangert 2 ulike turar: Måndagsturen har 1 overnatting, og Onsdagsturen har 2 overnattingar.

Dette er påmeldinga til onsdagsturen 2 netter:

Onsdag 22.februar - oppstart kl 1000. Aktivitetar og overnatting til

Fredag 24.februar - avslutning kl 1600

 Pris: Gratis

Aktivitetar, 3 t heiskort på ein av dagane, mat, overnatting og eventuelt lån av utstyr er gratis

Leiarar: Sunnmøre friluftsråd og studentar i friluftsliv ved Høgskulen i Volda

Utstyr:

Til vinterfriluftsliv, ski og uteaktivitetar treng du litt utstyr og vinterkle.

Har du alt du treng er det supert! - ta med!!

Treng du å låne noko utstyr eller vinterkle kan du gi beskjed om dette ved påmelding og vi skal prøve å ordne dette til deg!

Mat: Det blir kjøpt inn mat, og ungdommane må bidra med å lage måltid og rydde opp/vaske opp. Nokre måltid blir inne og nokre måltid blir ute ved bålet.

Overnatting: Inne i 2-4-mannsrom eller frivillig ute i lavvo (eller i snø om det er mogleg)

Informasjon og pakkeliste: Blir ettersendt til påmeldte deltakarar!

Påmelding så raskt som råd!

Skjemaet blir straks stengt for vidare påmelding då påmeldingsfristen er ute.

Atterhald: Ved for få påmeldte ungdommar kan tilbodet bli avlyst.

Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.