Vinterferietilbod.jpg

Vinterferietilbod 2023 - Måndagsturen! >

Med base i hytte ved Ørsta skisenter arranger friluftsrådet kjekk vinterfriluftslivsaktivitetar i vinterferien

Måndagsturen 2023

Med base i hytte ved Ørsta skisenter arrangerer Friluftsrådet kjekke vinterfriluftslivsaktivitetar i vinterferien!

Det blir mellom anna:

  • Skitur/trugetur
  • 3 timers kort i heisa med Ørsta skisenter
  • Bålkveld
  • Peiskos og spel
  • Snøborgbygging
  • Overnatting inne eller ute

Det blir arrangert 2 ulike turar: Måndagsturen har 1 overnatting, og Onsdagsturen har 2 overnattingar.

Dette er påmeldinga til måndagsturen som har 1 natt:

Måndag 20.februar - oppstart kl 1000. Aktivitetar og overnatting til

Tysdag 21.februar - avslutning kl 1600


Pris: Gratis

Aktivitetar, 3 t heiskort på ein av dagane, mat, overnatting og eventuelt lån av utstyr er gratis

Leiarar: Sunnmøre friluftsråd og studentar i friluftsliv ved Høgskulen i Volda

Utstyr:

Til vinterfriluftsliv, ski og uteaktivitetar treng du litt utstyr og vinterkle.

Har du alt du treng er det supert! - ta med!!

Treng du å låne noko utstyr eller vinterkle kan du gi beskjed om dette ved påmelding og vi skal prøve å ordne dette til deg!

Mat: Det blir kjøpt inn mat, og ungdommane må bidra med å lage måltid og rydde opp/vaske opp. Nokre måltid blir inne og nokre måltid blir ute ved bålet.

Overnatting: Inne i 2-4-mannsrom eller frivillig ute i lavvo (eller i snø om det er mogleg)

Informasjon og pakkeliste: Blir ettersendt til påmeldte deltakarar!

Påmelding så raskt som råd! Siste frist er søndag 12.februar

Atterhald: Ved for få påmeldte ungdommar kan tilbodet bli avlyst.

Informasjon om deltakar
Fullt namn på deltakar:* 
Jente/gut:* 


Bustadkommune:* 















Klassetrinn/alder:* 
Vinterferietilbodet er for ungdom i ungdomsskulen. Kryss av for klassetrinn ungdommen går i. Fødselsår er berre rettleiande.



Informasjon om føresette
Fullt namn på føresett:* 
Epost til føresett:* 
Kopi av utfylt skjema vert sendt direkte til denne e-post adressa. Dersom du IKKJE får automatisk kopi av skjemaet har du fylt ut feil i denne e-post adressa! Gjer vel og dobbeltsjekk at e-post adressa er korrekt!
Mobiltelefon/tlf til føresett:* 
Vi er tilgjengelig på telefon/mobil:* 
Det er svært viktig at friluftsrådet har eitt kontaktnummer (helst mobil) der ein av dei føresette er å treffe under gjennomføringa i fall vi skulle trenge å ta kontakt!
Nokre løyver til bruk av bilde og fotografering
Bilde og film i media:* 
Får friluftsrådet/journalistar ta bilde/film av ditt barn til medieomtale under aktivitetane i vinterferien?


Bilde og film til heimeside, trykt materiell ol:* 
Får friluftsrådet ta bilde/film som viser ditt barn på bruk til heimeside, presentasjonar, trykt materiell og reklame for andre liknande aktivitetar? Vi treng og nokre bilde som dokumentasjon på gjennomført aktivitet og bruk av prosjektmidlar. Bilde kan då bli brukt av Miljødirektoratet eller Friluftsrådenes Landsforbund som illustrasjonsbilde på nett eller i trykte rapportar.


Sosiale media:* 
Får friluftsrådet ta bilde/film som viser ditt barn i aktivitet til bruk i sosiale media som Facebook, Instagram ol?


Treng å låne utstyr?
Utstyr til vinterfriluftsliv: 
Kryss av på lista under og friluftsrådet vil ta kontakt med deg for å høyre meir om detaljar på kva du treng og storleikar m.m.




Viktig informasjon. Allergi ol, personvern
Viktig informasjon om deltakar:* 
Har deltakar allergi eller er det anna viktig informasjon som friluftsskulen må vite om? Nytt dette feltet for å gi oss god informasjon. Dette er eit obligatorisk svarfelt. Gjer vel å svar eit kort NEI om deltakar ikkje har allergi eller liknande.
Tegn igjen
Personvern av opplysningar:* 
Alle opplysningar som vert gitt i dette skjemaet vert berre nytta av friluftsrådet og leiarane til det beste for ungdommen og for praktisk organisering og gjennomføring av aktivitetane. Leiarane har teieplikt. Informasjonen vert lagra i friluftsrådet sin database som er knytt til heimesida. Ingen informasjon vert vidaresendt til andre.

Anna
Fritekstfelt: 
Her kan du skrive utfyllande informasjon til friluftsrådet. Du kan skrive beskjed til leiarane om det er noko vi bør vite eller prøve å ta omsyn til. Dette feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt.
Tegn igjen