Aktivitetar for born og ungdom vert prioritert ved utlån.
I periodar er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig på eit gitt tidspunkt.
Vi ber deg difor om å vente du har motteke stadfesting frå oss. NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.
Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!
Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!
Enstangslavvoar:
6 stk Venor 8-10 manns
Vi har valt å satse på kraftige enstangslavvoar frå Venor. Duken er av bomull/polyester blanding som gir betre luft/mindre kondens og som er meir motstandsdyktig mot gneistar og varme enn teltdukar av rein kunstfiber. Sidan duken er kraftig vert lavvoen relativt tung og stor. Vekta er omlag 16 kg.
Ovnslavvoar:
3 stk Venor ovnslavvo 8-manns
Ovnslavvoane står godt også utan pluggar om det ikkje er mykje vind. Det er ingen stang i midten - men stengene ligg langs duken noko som gir betre plass inne i lavvoen.
Ver merksam på at duk og stenger er tunge ca 15 kg kvar. Men vert transportert kvar for seg. Total vekt duk+stang er ca 35kg
Kalenderen under viser kva tid telta er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.
Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss om at utstyret er ledig for deg! Og ikkje den automatiske e-posten du får når du sender inn skjemaet.