Det er gratis å delta på Stikk UT!, men om ein ønsker seg premie for eigen innsats må ein kjøpe den sjølv. Ein kan også kjøpe premiar til vener eller familiemedlemmar som har vore med på tur. Årets priser er 185kroner for krus og 210 kr for skål. (Eigne prisar for barn under 18 år.) Motivet er som tidlegere år teikna av Signe Louise Aasen og det er Porsgrund Porselænsfabrikk som produserer dei eksklusive varene.
Krus og skåler kjem i desember/januar og kan hentast på servicekontor/rådhus e.l. rundt om i kommunane. (Husk å oppgi rett hentestad ved bestilling.) Vi sender ut melding når det er klart for henting i di kommune. Det er også muleg å bestille varene sendt heim i posten, men på grunn av meirarbeid for oss og porto er desse produkta litt dyrare.
Bestillinga kan du gjere her