2019-08-16_14.15.22.jpg

2022 Fagdag og nettverkssamling >

Det blir nettverkssamling torsdag 20.oktober på Eiksund i Ulstein

Erfaringsdeling og padletur

Førebels plan for fagdagen er:
1000 Oppmøte på Eiksund i Ulstein
Ynskjer velkommen
Tilpasse og pakke kajakkar
1030 Padle på tur i lag
1130 Strandhogg ein eigna stad etter vêret.
1140 Bålprat og lunsj
Erfaringsdeling: Korleis organisere kajakk i skulen ved Gunnar Festøy (Ørsta usk) og Marit Guldal Loftesnes (Sula usk)
1230 Padletur fortsetter
1330 Nytt strandhogg
1340 Vi ser på livet i fjøra, erfaringsdeling om tema og tips og triks
1430 Padlar tilbake til Eiksund
1500 Avrunding med evaluering av dagen og opprydding på hengarane
1530 Avslutning (vel heim)

Du får låne kajakk, vest, åre og spruttrekk med friluftsrådet

Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.
Mobiltelefon i vasstett pakning (test av artsobservasjoner som app eller nettside)
Gjerne skrivesaker for litt notatar frå erfaringsdelingane

Låner du tørrdrakt  du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har no erfaring frå fleire kurs med personar som har lånt tørrdrakt, og der drakta har hatt for store opningar som lek. Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett! 

Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar

Vegleiarar: Dag Roland og Christer Lundberg Nes
Dato: torsdag 20.oktober
Tidspunkt: ca 1000-1530  
KursstadSmåbåthamna i Eiksund

Dagen kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte
Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!

Påmeldingsfrist: så raskt som råd og seinast 16.september

Atterhald:
Fagdagen blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.
Nettverksskule
Nettverksskule:* 














Kort registrering
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Våttkortnr:* 
Kva er nummeret som står på baksida av våttkortet ditt?
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Eigenevaluering:* 
Kor mykje har du padla sidan grunnkurset?



Kartdatabasen Læring i friluft:* 
Har du oppretta eigen profil i kartdatabasen læring i friluft og lagt inn undervisningsopplegg der? Kartdatabasen finn du her: https://friluftsforvaltning.avinet.no/stedsbasert


Løyve til bruk av bilde og samtykke
Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.