P5050287_2291.jpg

2022 Grunnkurs >

Påmeldingsskjema til grunnkurs for lærarar i kajakknettverket. 
Kurset blir gjennomført måndag 12.-tysdag 13.september

Grunnkurs hav

Grunnkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir grunnleggande innføring i turpadling, sikkerheit og bruk av havkajakk. Grunnkurset handler om å lære grunnleggande ferdigheiter, slik at du kan padle trygt i ei gruppe i skjerma farvatn etter kurset. 

Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Det er et kjempeartig kurs og det er bare å glede seg! 

Du får låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal lære på kurset.

Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.

Vi tilrår at du investerer i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt. Om du vil vente litt og heller låne drakt no i starten er det viktig at du tenker på dette:
Låner du tørrdrakt  du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har no erfaring frå fleire kurs med personar som har lånt tørrdrakt, og der drakta har hatt for store opningar som lek. Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett! 

Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. (Mellom anna skattekammeret i Ålesund.)
Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar

Elles kan det vere lurt å vente med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Kursleiar: Dag Roland
Vegleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: måndag 12.-tysdag 13.september

Tidspunkt: ca 0900-1700 (ca 8 timar kvar dag) 

Kursstad
Stafsethenset i Vegsundet

Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padleforbundet: Grunnkurs hav

Utfyllande informasjon og køyrerettleiing blir sendt til påmeldte!

Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!

Påmeldingsfrist: innan fredag 26.august
Påmeldinga er bindande.

Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.

Nettverksskule
Nettverksskule:* 













Våttkortutdanninga er knytt til deg personleg. Vi treng din personlege informasjon for å registrere dette med padleforbundet.
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Adresse:* 
Postnummer:* 
Poststad:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Fødselsdato:* 
dd.mm.år
Velg dato
Kjønn:* 


Medlemsklubb: 
Fyll berre ut om du er medlem av ein padleklubb registrert i Norges padleforbund
Vil motta e-post:* 
Gjeld informasjon direkte frå Norges padleforbund


Våttkortnummer: 
Utdanninga di i våttkortstigen er knytt til deg personleg og til det nummeret som står på våttkortet. Har du allereie våttkort med padleforbundet er det difor viktig at du skriv våttkortnummeret ditt her så vi får registrert kurset rett i systemet. Nummeret står trykt på kortet ditt. Har du ikkje våttkort let du feltet stå opent.
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Kajakkerfaring:* 
Kva kajakkerfaring har du frå før?



Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra i arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.