2020-10-12-12.56.39.jpg

2022 Teknikkurs >

Påmeldingsskjema til lærarar i kajakknettverket. 
Dette kurset blir gjennomført måndag 19.-tysdag 20.september

Teknikkurs hav

Teknikkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund, og gir opplæring i grunnleggande teknikkar i turpadling og vurdering av tryggleik. Etter endt kurs skal deltakarane kunne utføre god teknikk i rolege omgivelsar.

Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv. Dette er første påbygging etter grunnkurset og gir deg enda større meistringsglede gjennom auka repertoar av teknikkar og kjennskap til kajakken. 

Du får låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal lære på kurset!

Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.

Dersom du ikkje allereie har gjort det, er du no komen så langt i utdanninga di i våttkortstigen at du bør ha investert  i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt.
Låner du tørrdrakt  du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har no erfaring frå fleire kurs med personar som har lånt tørrdrakt, og der drakta har hatt for store opningar som lek. Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett! 

Men det kan vere lurt å vente med å investere i kajakk til du får prøvd litt ulike modellar gjennom nettverket.

Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar

Kursleiar: Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: Måndag 19.-tysdag 20.september

Tidspunkt: ca 9-17 (8 timar kvar dag) 

Kursstad
Stavsethneset

Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane

Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padleforbundet: Teknikkurs hav

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!

Påmeldingsfrist: 1.september
Påmeldinga er bindande.
Påmelding så raskt som råd!

Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.

Nettverksskule
Nettverksskule:* 













Kort registrering
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Våttkortnr:* 
Kva er nummeret som står på baksida av våttkortet ditt?
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Eigenevaluering:* 
Kor mykje har du padla sidan grunnkurset?



Kartdatabasen Læring i friluft:* 
Har du oppretta eigen profil i kartdatabasen læring i friluft og lagt inn undervisningsopplegg der? Kartdatabasen finn du her: https://friluftsforvaltning.avinet.no/stedsbasert


Løyve til bruk av bilde og samtykke
Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.