Aktivitetsleiarkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund.
Dette er siste kurset vi tilbyr gjennom nettverket i våttkortstigen !
Under kurset skal vi jobbe med å lære bort padleteknikkar og lede grupper på vatnet. Etter endt kurs skal du kunne planlegge og gjennomføre introduksjons- og grunnkurs.
I motsetning til dei tidlegare kursa som handlar om deltaking og øving er aktivitetsleiarkurset eit kurs der du vert vurdert til bestått/ikkje bestått.
Sidan de er utdanna lærarar er vi ikkje uroa for pedagogikk og evne til å formidle, men det er viktig at de er trygge nok i kajakk og det metodiske i dei teknikkane som de har lært på dei tidlegare kursa.
Vi legg kurset opp som ein tur begge dagane, gjer strandhogg med lunsj, og får forhåpentleg møte både fugle- og dyreliv.
Som tidlegare får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal lære på kurset!
Ta med:
Godt med mat og drikke (kaldt og varmt).
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.
Du har no kome så langt i utdanninga di i våttkortstigen at du allereie bør ha investert i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt.
Låner du tørrdrakt MÅ du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har no erfaring frå fleire kurs med personar som har lånt tørrdrakt, og der drakta har hatt for store opningar som lek. Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett!
Fleire utstyrsbasar i regionen har våtdrakter og nokre har også tørrdrakter til utlån. Oversikt over utstyrsbasar finn du her: Utstyrsbasar
Kursleiar: Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kursdagar: Måndag 24.-tysdag 25.oktober
Tidspunkt: ca 9-17 (8 timar kvar dag)
Kursstad: Ulstein/Eiksund
(Eit område som gir oss større moglegheiter for tilpassing etter forholda)
Kurs kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kursdagane
Her kan du lese meir om kursinnhaldet med padleforbundet: Aktivitetsleiarkurs
Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte
Kurset er gratis for lærarar på skular i nettverket!
Påmeldingsfrist 1.september
Påmeldinga er bindande.
Påmelding så raskt som råd og seinast innan 1.september
Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.