Panneband_IMG_20220611_192146_foto_HBE-2.jpg

Heider og takk til våre frivillige

2022 er frivillegheita sitt år. I den samanheng vil Sunnmøre friluftsråd heidre sine frivillege og løfte fram den enorme dugnadsinnsatsen dei legg ned for fellesskapet.

I samband med «Vår veke» har Sunnmøre friluftsråd motteke stønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å gjere litt ekstra stas på dei frivillege. «Vår veke» blir markert på mange måtar rundt om i landet, og er eit høve til å takke dei frivillege.

«Frivilligheita sitt år skal medverke til å vise kva frivilligheita betyr for Noreg. Vi skal fjerne barrierar som enkelte kan ha for deltaking i frivillig aktivitet, vi skal auke deltakinga, og synleggjere frivillig sektor sin betydning i samfunnet. «Vår veke», i uke 23 2022, skal løfte fram frivilligheita i Møre og Romsdal, og bidra til markeringar over heile fylket», skriv fylkeskommunen på nettstaden sin


Sunnmøre friluftsråd har om lag 300 frivillege knytt til sin organisasjon. Dei fleste er knytt til Stikk UT! 

Det er dei to friluftsråda i fylket som organiserer og driftar den populære turtrimmen. Men det hadde ikkje gått utan alle dei frivillege som legg ned ein enorm innsats med å sette ut kodar, skilte, lage turskildringar, merke og rydde råser. 


I tillegg er det mange grendelag, idrettslag og velforeiningar som gjer ein stor innsats med å vedlikeholde turvegar/råser, sette ut benkar, bygge gapahukar og drifte friluftsområde. Mange grunneigarar stiller også opp med parkeringsplassar og vedlikehald av vegar o.l. Desse er ikkje rekna med i dette, men fortener like fullt ein stor takk for innsatsen. 

Kommunane er sjølve navet i Stikk UT!-arbeidet. Kvar kommune har ein tilsett i rolla som Stikk UT!-kontakt. Desse gjer ein formidabel innsats med å drifte Stikk UT! i eigen kommune, og ei av oppgåvene er å organisere de frivillige.

For å heidre dei frivillege inviterte friluftsrådet alle Stikk UT!-frivillege til samling i Hovdebygda laurdag 11. juni. Her vart det først gått ein Stikk UT!-tur saman til Ytrehovdeåsen. Etterpå var det matservering, aktivitetar og konkurransar med premiar. Og dei frivillege fekk utveksle både tankar og idear med andre frivillege, kommunekontaktar og tilsette i friluftsrådet.


Som eit symbolsk bevis på at vi verdset den store innsatsen desse gjer for andre har vi bestilt inn freshe panneband med påtrykket HEILT FRIVILLEG som blir delt ut til alle.


Sunnmøre friluftsråd står også bak fleire Naturmøteplassar, som er drive av frivillege. Ein Naturmøteplass er eit lågterskel og uforpliktande tilbod til alle som har høve til å gå tur på dagtid, og som set pris hyggelege møte med andre, kombinert med ein liten tur og frisk luft. På naturmøteplassane er det fyr i bålpanna og kaffien er klar i eit fast tidsrom på ein fast stad ein bestemt dag kvar veke. Blide vertar tek hjarteleg imot alle som kjem, spanderer varm drikke og slår gjerne av ein prat. Desse vertane er frivillege eldsjeler med stort hjerterom som fortener ei stor takk, og som også har fått utdelt panneband.

For tida er det seks møteplassar i drift. Det er Aksla og Stafsethneset i Ålesund, Kaffivika på Sula, Bugardsmyrane i Ulstein, Kråkvika på Vestnes og Øygarden i Valldal i Fjord.