2020-10-15-17.48.03.jpg

2022 Forkurs aktivitetsleiar 8.juni >

Dette er eit obligatorisk forkurs dersom du er ferdig med teknikkurset!

Forkurset er på ca 4 timar og blir gjennomført onsdag 8.juni kl 1700-2100
med utgangspunkt i friluftsrådet sitt lager på Kongshaugstranda 105 (Eidsnes - Sula)

Obligatorisk forkurs aktivitetsleiar 8.juni

Aktivitetsleiarkurset er ein del av kursstigen til Norges Padleforbund.
Dette er siste kurset vi tilbyr gjennom nettverket i våttkortstigen, og sjølve aktivitetsleiarkurset blir gjennomført i september!

I motsetning til dei tidlegare kursa som handlar om deltaking og øving er aktivitetsleiarkurset eit kurs der du vert vurdert til bestått/ikkje bestått.

 Vi legg opp til forkurset for å kunne gi deg eit best mogleg utgangspunkt til å bestå aktivitetsleiarkurset.

Forkurs aktivitetsleiar
På denne kvelden vil vi repetere og jobbe med teknikkane du lærte på teknikkurset og grunnkurset.
Vi padlar på tur og går gjennom tips og triks, og vil gje deg tilbakemelding på kva du bør eller må øve og trene på fram mot aktivitetsleiarkurset.

Dette blir ein lærerik og kjekk kveld!

Som tidlegare får du låne kajakk, padleåre, spruttrekk og padlevest gjennom friluftsrådet.
Har du eigen kajakk så ta kontakt og spør om dette er ein kajakk som høver for det som vi skal gjere på forkurset!

Ta med:
Litt mat og drikke (kaldt og/eller varmt). 
Ekstra tøy i vanntette poser.
Våtdrakt eller tørrdrakt.

Du har no kome så langt i utdanninga di i våttkortstigen at du allereie bør ha investert  i ei personleg tørrdrakt eller våtdrakt.
Låner du tørrdrakt MÅ du sjekke at denne passar og er tett i armar og hals. Vi har fleire som har lånt tørrdrakter på kurs og der drakta har hatt for store opningar som lek. 
Ei slik tørrdrakt er kaldare å bruke enn ei våtdrakt, og når den er full av vatn er eigenredning også mykje meir krevjande. Tørrdrakta må derfor passe og vere tett!
Skal du skaffe dei eiga drakt først seinare i sommar finn du oversikt over utstyrsbasar her: Utstyrsbasar

Det kan vere lurt å vente med å investere i kajakk til du får sett og prøvd litt gjennom nettverket.

Kursleiar: Dag Roland
Rettleiar: Christer Lundberg Nes
Kurskveld: Onsdag 8.juni
Tidspunkt: 17-21 

Kursstad
Friluftsrådet sitt lager på Kongshaugstranda 105 (med eit lite atterhald )

Forkurset kan bli flytta til anna skjerma område dersom det vert eller er utrygt for vind og/eller bølgjer på kurskvelden, eller om det er utbygging/gravearbeid ved lageret som gjer det vanskeleg å gjennomføre kurset der.

Her kan du lese meir om kursinnhaldet i aktivitetsleiarkurset med padleforbundet: Aktivitetsleiarkurs

Utfyllande informasjon blir sendt til påmeldte

Forkurset 8.juni er gratis for lærarar på skular i nettverket!

Påmeldingsfrist så raskt som råd!
Påmeldinga er bindande.

Atterhald:
Kurset blir gjennomført med minimum 6 deltakarar.

Nettverksskule
Nettverksskule:* 















Kort registrering
Fornamn:* 
Etternamn:* 
Mobil:* 
E-post:* 
Våttkortnr:* 
Kva er nummeret som står på baksida av våttkortet ditt?
Utfyllande informasjon til friluftsrådet
Klassetrinn:* 
Gjer vel og skriv eit par stikkord/punktliste om klassetrinn og fagkombinasjon du underviser i.
Tegn igjen
Eigenvurdering:* 




Kartdatabasen Læring i friluft:* 
Har du oppretta eigen profil i kartdatabasen læring i friluft og lagt inn undervisningsopplegg der? Kartdatabasen finn du her: https://friluftsforvaltning.avinet.no/stedsbasert


Løyve til bruk av bilde og samtykke
Foto og media:* 
Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til dokumentasjon av prosjektet og til informasjonsmateriell og heimeside. Det er også ynskjeleg å nytte gode bilde til eventuell mediadekning og sosiale media. Kan vi bruke foto av deg som er tatt under kurset?


Samtykke:* 
Skjemaet er berre for intern bruk for friluftsrådet. Friluftsrådet treng å lagre skjemaet gjennom prosjektperioden som dokumentasjon på aktivitet og deltakarar. Skjemaet vil og bli lagra som arkiv for seinare dokumentasjon ved behov for deg eller friluftsrådet. Ingen informasjon frå skjemaet vil bli sendt vidare til andre eksterne partar med unntak av det padleforbundet krev for å registrere kursa dine i våttkortstigen. Her gir du friluftsrådet løyve til å lagre opplysningane som du har gitt i dette skjemaet.