Kursinnhaldet er tilpassa den nye fagplanen LK20 som har kompetansemål i utandørs symjing og at elevane skal forstå og gjennomføre utandørs livredning etter ungdomsskulen!
Kurset skal gje lærarane eit betre grunnlag for å gjennomføre utandørs symje og livredningsundervisning med eigen klasse og stettar krav om dokumentert utandørs livredningsprøve for undervisning eller turar i, ved og på vatn. Jamfør rettleiaren «En veileder til trygg opplæring i, ved og på vann og bading i skolens regi»
Kurset er todelt med del 1 som handlar om teknikktrening og tips, samt farevurdering (internkontroll/HMS). Del 2 er gjennomføring av sjølve livredningsprøva.
Lærarane som er med på kurset er oppfordra til å ta med eigen våtdrakt for å ha betre føresetnader for å lære teknikkar og tips til eigne undervisningsopplegg med elevane.
Gjennomføring av del 2 kan vere aktuell å gjennomføre utan våtdrakt sidan eigenerfaring og eigenmeistring av kaldt vatn i kombinasjon med å løyse eit livredningsscenario mest mogleg hensiktsmessig er ein del av prøva.
Fagleg ansvarleg: Morten Gjerseth, godkjend instruktør i Norges Livredningsforbund og fysioterapeut
Kursleiar: Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet i Sunnmøre friluftsråd
Kurslengd: ca 4 timar
Deltakartal: 10 til 15 deltakarar per kurs
Kursutstyr: Deltakarane bør ta med eigen våtdrakt