Friluftsrådet har utvikla eit konsept med bruk av statiske klatretau og nokre karabinarar og slynger for å lage taubruer mellom tre.
Opplegget fungerer bra for alle aldrar! Frå 4.klasse (ca 10 år) og oppover er opplegget så enkelt at borna klarer å lage slike taubruer sjølve - om du følgjer malen i opplegget. Her kan du laste ned rapporten om taubruer
Du kan også kjøpe friluftsrådet sine taubrusett i nettbutikken
Friluftsrådet låner ut taubruer gratis til lag og organisasjonar, skular, barnehagar og SFO. Føresetnaden er at ein av dei ansvarlege har fått opplæring av friluftsrådet
Aktivitetar for born og ungdom vert prioritert ved utlån.
I perioder er utstyret mykje i bruk - og vi kan difor ikkje garantere at vi kan låne ut akkurat det materiellet du ynskjer, eller at det er ledig når du treng det.
Vi ber deg difor om å vente på stadfesting frå oss.
NB! Stadfesting er eit skikkelig svar på epost frå oss om at utlånet er i orden.
Gjer vel og ikkje misforstå stadfesting på sendt skjema som at vi har sagt at utstyret er ledig!
Vi sender stadfesting på epost så raskt vi klarer!
Kalenderen under viser kva tid utstyr er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.
Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss (ikkje den automatiske du får frå skjemaet) om at utstyret er ledig for deg!