P1030129_6066.JPG

Ikkje lenger lov å hente froskeegg utan løyve

Ein lærerik og kjekk våraktivitet er å hente froskeegg og følgje utviklinga frå egg til frosk og så sleppe småfroskane ut igjen der du henta dei. Men frå våren 2021 er ikkje dette lenger tillatt utan løyve!

Nye retningslinjer frå Miljødirektoratet

Det har dessverre kome ein smittsom amifibiesopp til Noreg. 
Soppen kan medføre sykdom og død hos amfibiene den kjem i kontakt med.

For å førebygge spreiing av denne amfibiesoppen er det ikkje lenger tillatt å hente inn froskeegg og rumpetroll utan løyve!

Les meir med miljødirektoratet: Ikkje lov å hente froskeegg

Friluftsrådet har laga ein informasjonsfaldar om henting av froskeegg og stell av rumpetroll som mellom anna låg til nedlasting på heimesida vår. Men på grunn av at det ikkje lenger er tillatt å hente froskeegg eller rumpetroll utan løyve har vi sletta lenka til denne rapporten.