Du får låne eit standardoppsett av kajakkar og utstyr for ei barnegruppe og 2 til 4 vaksne rettleiarar.
Mykje av utstyret er i svært god stand - innkjøpt våren 2017 med støtte frå Gjensidigestiftelsen.
Friluftsrådet kjem difor til å vere strenge på at du som lånetakar tek godt vare på utstyret og leverer dette tørt og reint tilbake, slik at vi unngår unødig slitasje.
Kapasiteten på dette utstyret er 13 sitteplassar i kajakk + 1 Sit on top redningsbåt .
De kan til dømes vere 12 barn og 2 vaksne rettleiarar. Eller 10 barn og 4 vaksne rettleiarar.
I skjemaet under må du stadfeste at du har lasta ned rettleiaren for barnekajakkane og sjekka tilhengerkalkulatoren til Statens Vegvesen.
Her lastar du ned rettleiaren: Utlån barnekajakk2019
Her er tilhengerkalkulatoren
Begge hengarane er identiske i forhold til krav til tilhengersertifikat. Slik at det ikkje gjer noko om du tastar inn det andre tilhengarnummeret enn den tilhengaren du eventuelt får låne. Av praktiske årsaker kan det vere at du kryssar av for gul hengar - men at det er den raude som du får låne, eller omvendt.
Gul kajakkhengaren har registreringsnr: RD
5924
Raud kajakkhengar har registrerningsnr; RD
5925
Du får låne:
- Kajakkhengar
- 10 Hasle K400 barnekajakkar (med tett bakskott)
- 2 Current Design Sirocco (Er stor for dei minste barna, men gir viktig fleksibilitet i forhold til å kunne vere fleire vaksne rettleiarar)
- 1 Current Design Storm vaksenkajakk
- 1 Sit on top - redningsbåt
- 15 faste årer (ei reserve åre)
- 1 delt åre (ekstra åre på tur)
- 2 rumpetaske med slepeline (ca 6m)
- 1 safety-kit (årepute, pumpe mm)
- 1 kasteline 15 m
- 2 Regatta action explorer padlevest (+ 90 kg)
- 2 Regatta action explorer padlevest (70-90 kg)
- 5 Regatta action explorer padlevest (50-70 kg)
- 12 Regatta action explorer padlevest (35-50 kg)
- 3 Regatta jr action explorer padlevest (25-40 kg)
- 1 boks med svampar
- 28 pakkstropper til å feste kajakkane på hengaren.
Friluftsrådet har eit skulenettverk for eit prosjekt for meir og betre kajakkundervisning i skulen!
Skular som er med i nettverket får opplæring og oppfølging av friluftsrådet og vert prioritert i utlånet.
Men send uansett inn skjemaet under så skal vi svare så raskt vi kan.
Kompetansekrav 1 - Aktivitetsleiar
Frå hausten 2022 er kravet at lånetakar skal ha godkjenning som aktivitetsleiarar hav i våttkortstigen til padleforbundet for å låne utstyret til opplegg for barn og unge.
Skular som er med i kajakknettverket har ei overgangsordning.
Kompetansekrav 2 - Pakke- og vedlikehald
I 2019 vart friluftsrådet stoppa i teknisk kontroll og fekk då påbod frå Politiet om betre sikring av kajakkane under transport med hengaren. Friluftsrådet hadde sjølv pakka hengaren denne dagen og kajakkane var mykje betre sikra enn dei brukar å vere når vi får dei igjen frå ekstern lånetakar. Med andre ord føler vi det viktig at dei som låner kajakkane også sikrar lasta forsvarleg. Du må difor signere at du skal stroppe kvar einskild kajakk for seg med 2 stropper.
Kalenderen under viser kva tid utstyr er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.
Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss (ikkje den automatiske du får frå skjemaet) om at utstyret er ledig for deg!