Du får låne eit standardoppsett av kajakkar og utstyr for ungdom og vaksne.
Utstyret er innkjøpt våren 2017 med støtte frå Gjensidigestiftelsen.
Friluftsrådet kjem difor til å vere strenge på at du som lånetakar tek godt vare på utstyret og leverer dette tørt og reint tilbake, slik at vi unngår unødig slitasje.
Kapasiteten på dette utstyret er 13 personar (til dømes 8 ungdommar og 2 vaksne)
I skjemaet under må du stadfeste at du har lasta ned rettleiaren for ungdomskajakkane og sjekka tilhengerkalkulatoren til Statens Vegvesen.
Her lastar du ned rettleiaren: Utlån ungdomskajakk2019
Her er lenke til tilhengerkalkulatoren
Tilhengaren har registreringsnr AC 8810
Du får låne:
- Kajakkhengar
- 8 Current Design Sirocco
- 3 Current Design Storm
- 2 stk Zegul Arrow play (LV og HV)
- 14 faste årer (ei reserve åre)
- 1 delt åre (ekstra åre på tur)
- 2 rumpetaske med slepeline (ca 6m)
- 1 kasteline 15m
- 2 Regatta action explorer padlevest (+ 90 kg)
- 3 Regatta action explorer padlevest (70-90 kg)
- 10 Regatta action explorer padlevest (50-70 kg)
- 26 pakkstropper til å feste kajakkane på hengaren
Friluftsrådet har eit skulenettverk for eit prosjekt for meir og betre kajakkundervisning i skulen!
Skular som er med i nettverket får opplæring og oppfølging av friluftsrådet og vert prioritert i utlån.
Men send uansett inn skjemaet under så skal vi svare så raskt vi kan.
Kompetansekrav 1 - Aktivitetsleiar
Frå hausten 2022 er kravet at lånetakar skal ha godkjenning som aktivitetsleiarar hav i våttkortstigen til padleforbundet for å låne utstyret til opplegg for barn og unge.
Skular som er med i kajakknettverket har ei overgangsordning.
Kompetansekrav 2 - Pakke- og vedlikehald
I 2019 vart friluftsrådet stoppa i teknisk kontroll og fekk då påbod frå Politiet om betre sikring av kajakkane under transport med hengaren. Friluftsrådet hadde sjølv pakka hengaren denne dagen og kajakkane var mykje betre sikra enn dei brukar å vere når vi får dei igjen frå ekstern lånetakar. Med andre ord føler vi det viktig at dei som låner kajakkane sikrar lasta forsvarleg. Du må difor signere at du skal stroppe kvar einskild kajakk for seg.
Kalenderen under viser kva tid utstyr er reservert og/eller i bruk. Vi held kalenderen så oppdatert som råd.
Men vi gjer merksam på at dette er ein frittståande kalender som vi må oppdatere manuelt. Det kan difor vere mogleg at utstyret ikkje er ledig når du ynskjer det. Gjer difor vel og vent på stadfesting frå oss (ikkje den automatiske du får frå skjemaet) om at utstyret er ledig for deg!