Skinst__ylen2.jpeg

Volda 2022 >

Friluftsskule for barn i alderen 11 til 13 år. Vi jobbar med å klargjere ny basestad i år, men fleire aktivitetar vert lagt til Rotevatnet.
Friluftsskulen vert gjennomført i veke 27; måndag 04.juli til fredag 8. juli

Litt om friluftsskulen

Vi jobbar med å klargjere ny basestad i år, men fleire aktivitetar vert lagt til Rotevatnet med bading, kajakk og kanskje orientering.

Alle aktivitetane er på dagtid frå ca. kl 0900-1600 ,med ein avsluttande overnattingstur frå torsdag til fredag. Nokre av aktivitetane er:

  • Bading
  • Orientering
  • Tur
  • Leikar
  • Utforsking i naturen

Tal deltakarar: Til saman er det 20 plassar på Friluftsskulen i Volda.

Leiarar: 

Det er svært dyktige leiarar på friluftsskulane med høgskuleutdanning i friluftsliv eller Naturguidestudie. 

Leiarane på denne friluftsskulen er Sara Magnadottir, Brede Cunningham Strømme og Kristine Selbervik Lund

 Eventuelle spørsmål om friluftsskulen kan sendast til koordinator Sara Magnadottir, på e-post friluftsskule@friluftsraadet.no eller ein tek kontakt med Sara på tlf: 95 77 53 90

Tidspunkt: Måndag 04. juli til og med fredag 8. juli

  • Måndag: Bli kjent leikar, vedhogging, spikking, mat på bål
  • Tysdag: Orientering, kajakkpadling
  • Onsdag: Ekspedisjon/tur
  • Torsdag til fredag: Overnattingstur

Dette er førebels vekeplan, med atterhald om endringar. Utfyllande informasjon med dagsplan, pakkeliste og turmål vert sendt til påmeldte deltakarar.

Deltakarpris: 

Gjensidigestiftelsen støttar friluftsskulane med prosjektmidlar slik at deltaking no er gratis!

Vi gjer merksam på at påmeldinga er bindande! 

Dei som er påmeldt tidlegare og som har betalt deltakaravgift vil få denne refundert.

Påmeldingsfrist: Frist 7. juni
Det er lurt å melde seg på så raskt som råd!

Påmeldingsskjema:
Skal du melde på to barn må du fylle ut skjemaet og betale i to omgangar.
(12-timar plassgaranti: Fordi du må melde på og betale for eitt og eitt barn  så garanterer vi plass til to søsken eller to vener som ynskjer å vere i lag på friluftsskulen. Melder du på ein og det er fullt når du melder på nummer to, så garanterer vi at vi ordnar plass til nummer to dersom du seier i frå innan 12 timar. 


Det er dessverre fullt og påmeldinga er difor stengt.
Ynskjer du å melde di interesse på venteliste kan du sende epost til christer(a)friluftsraadet.no
Skriv i eposten din kontaktinformasjon og kva venteliste du vil bli sett opp på.