1_Nynorsk_Hovedvisuell_.jpg

Bli med på Vårryddedagen 19. mars

Har de lyst til å vere med å kick-starte ryddeåret 2022?
19. mars inviterer Hold Norge Rent til årets første nasjonale ryddedugnad. Bli med å feire at våren er her med å plukke søppel og bidra til ein rein natur for alle.

Saman kan vi gjere ein forskjell

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp søppel i takt med at snøen smeltar. Men
det treng ikkje å vere slik - saman kan vi gjere ein forskjell!

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Vi oppfordrer alle til å sette av ein dag eller nokre timer til å vere med på Vårryddedagen.


Kontaktperson i Sunnmøre friluftsråd: Malin Fiksdal